Er det klokt å seie nei til vindkraft?

INVESTERING: Erik Espeset er grunneigar i Viksdalen. Han spør om det er lurt å seie nei til investeringa som vindkraftselskapa tilbyr. Her er han med ei Statnett-mast og Steinbrua i bakgrunnen.

INVESTERING: Erik Espeset er grunneigar i Viksdalen. Han spør om det er lurt å seie nei til investeringa som vindkraftselskapa tilbyr. Her er han med ei Statnett-mast og Steinbrua i bakgrunnen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI fjellområdet mellom Høyanger og Viksdalen har no investorar vist handfast interesse for å bygge eit stort vindkraftanlegg for ca. 2 milliardar norske kroner. Det vi i så fall vere den største enkeltinvesteringa som er gjort i regionen Ytre Sogn/Sunnfjord på mange år. Det vil vere mykje større enn flyplassen på Bringeland. Det som kan måle seg i storleik er kanskje aluminiumsverket i Høyanger eller sentralsjukehuset i Førde.

Vi kan gjerne diskutere om kor stor store dei økonomiske ringverknadane vil vere av ei slik stor investering. Her kan sikkert lesarane spekulere like godt som meg, men eg er sikker på at dette vil gje regionen eit godt økonomisk løft og fleire nye og varige arbeidsplassar. Vi snakkar her om roterande maskineri og kraftelektronikk i eit vêrhardt område. Dette vil gje kontinuerleg aktivitet med overnatting, servering, tilkomst, vedlikehald og utskifting/modifikasjonar i vindkraftparken så lenge den sviv i konsesjonsperioden på 25 år. Vi må spørje oss sjølv om vi vil ha økonomisk vekst og arbeidsplassar lokalt basert på fornybar energi.

Fram til no har ikkje vindkraft vore spesielt lønnsamt i Noreg, og difor har ikkje vindkraftselskapa betalt noko særleg med skatt. Dette er no i ferd med å endre seg, og eg er sikker på at Finansdepartementet vil kjenne si gjestingstid for å komme med nye skattar. Eit vindkraftanlegg er eit såkalla «immobilt skatteobjekt» på lik linje med vasskraftverk og eigedom. Alle skatteekspertar snakkar om meir skatt på slikt og mindre skatt på ting som kan flyttast ut av landet. Då gjeld det berre for oss veljarar å stemme på dei partia som vil at meir av skatten skal ligge igjen lokalt.

I Gaular har vi ein god vernetradisjon, og spesielt frå kampen for å verne Gaularvassdraget. Men dette gjeld berre sjølve vassdraget. Det aktuelle vindkraftutbyggingsområdet er ikkje verna på nokon måte. Her har også Statkraft og Statnett allereie bygd ut mykje vasskraftproduksjon og kraftlinjer.

Nokre motstandarar vil kanskje seie at vi må ha meir vern slik at vi kan unngå vindkraft. Det vil eg på det sterkaste åtvare mot. Eg har litt erfaring frå Geiranger. Der har fjordlandskapet verdsarvstatus, elva har vassdragsvern, og i tillegg er bygda kringsett av nasjonalt landskapsvern og nasjonalt villreinområde. Summen av dette er at politikarar har mista all lokal handlefridom. Det er blitt svært vanskeleg å legge ut nye bustadfelt, og bygge ein stor og moderne driftsbygning for landbruket kan dei berre gløyme.

Nokre motstandarar hevdar at ei vindkraftutbygging kan øydelegge livsgrunnlaget for dei som driv med turisme. Det er viktig her å hugse på at dette anlegget vil vere lite synleg anna enn frå fjelltoppane rundt og frå fly på klåre dagar. Tilkomsten og vegane på fjellet kan også gje meir oppblomstring av turisme. Plutseleg kan vi arrangere overgangsturar på sykkel frå Viksdalen til Høyanger for oppleve den unike industristadarkitekturen der.

Til slutt vil eg nemne at vi på Viksdalen er like påverka av klimaendringane som dei andre på kloden. Det kan ikkje vere slik at det er berre «dei andre» som skal ta ansvar for å bygge fornybar energi, fordi vi bur på den finaste plassen på jorda. Det kan hende at mange av «dei andre» også synest at det er fint der dei bur.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags