Vann første slaget, men kan tape krigen

UVISSE: Ingen av oss veit korleis dette ender. Vi som ikkje trur på propagandaen, har på ein måte vunne første slaget, men vi kan likevel tape krigen, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå protestmarkeringa i forkant av Zephyr sitt grunneigarmøte om vindkraft på Yndestad gard i Gaular.

UVISSE: Ingen av oss veit korleis dette ender. Vi som ikkje trur på propagandaen, har på ein måte vunne første slaget, men vi kan likevel tape krigen, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå protestmarkeringa i forkant av Zephyr sitt grunneigarmøte om vindkraft på Yndestad gard i Gaular. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Eit forsøk på oppsummering av eit halvår med vindkraftplanar.

For vel eit halvt år sidan fekk vi som bur i området Sunnfjord/Ytre Sogn ei overrasking vi hadde greitt oss utan. Vi hadde ikkje visst at vi budde i eitt av landet sine mest attraktive område for vindkraftutbygging. Fjella våre skulle fyllast med 200–300 m høge vindturbinar, av ukjent tal, og plasserte der vinden bles mest, og der dei dermed vart mest synlege for oss som bur her og andre som måtte leggje vegen sin hit.

Storkapitalen både i Noreg og elles i verda kjende pengelukta og strøymde til med taleføre og skriveføre agentar, nokre gjekk fram i lyset, nokre for mellom gardane som «tjuvkjende kattar» (Jakob Sande), ja, det fanst og nokon som presenterte seg som grunneigar.

Vi som bur her, både grunneigarar og andre, høyrer til eit samfunnsbevisst, tolmodig folkeferd, som yter ein innsats til gode føremål, som stiller opp når vi kan vere til nytte. Vi får dårleg samvit når vi ikkje støttar dei gode føremåla, men vi har og den menneskelege sida at vi set pris på noko, men ikkje altfor mykje, pengar på kontoen. Vi synest og at ein må tru på folk som lovar t.d. å gjere opp for seg eller rydde opp etter seg. Noko anna ville vere mistenkeleggjering og mistru til pent kledde menneske.

Per Kjelstad.

Per Kjelstad. Foto:

Dei omreisande agentane hadde nok sett seg inn i psykologien vår. Her kunne vi vere med og berge verda frå styrtregn og orkan, samstundes som vi fekk nokre kroner etter kvart. Endåtil vart det lokka med ein «hurtigsvarpremie» for dei utolmodige. Sjølvsagt var det nokon som beit på, agentane hadde ingen tanke for at dei med overlegg sådde splid og usemje i bygdene. Det problemet må bygdefolket sjølve løyse, og det trur eg vi som bur her er vaksne nok til å greie.

Det som likevel slår ein, er at så mange av dei grunneigarane som let seg bondefange, slett ikkje er bønder, ja, dei bur ikkje i bygda, fleire har aldri budd der. Då er det lett å bere dei konfliktane som kjem opp i bygdesamfunnet. Det vert verre for dei som bur her og gjerne har tenkt at dei og deira slekt skal halde fram med det. Dei sistnemnde vil nok, som ein har sett døme på andre stader i landet, angre på heile forretninga når realitetane kjem til syne, både i naturen og på bankkontoen. Det vert kanskje litt annleis enn rause og lause lovnader i all hast våren 2019.

Vi får berre for alle sin del håpe at utbyggarane vert tvinga til å gje opp prosjekta sine, og at vi som bur her, er kloke nok og rause nok til at her ikkje vert vonde motsetnader i framtida.

Mange av oss meiner vindkraftutbygging er storstilt øydelegging av natur, misforstått klimapolitikk, berre ein snarveg til raske pengar for spekulantar. Utbyggingsselskapa seier at vi er så dumme og bakstreverske at ingen bør høyre på oss. Ingen må heller høyre på kva alle kommunestyra i regionen har sagt. Investorane sine interesser må stå over folkeviljen. Både Fred. Olsen Renewables og Zephyr sine talsmenn forsikrar om at dei vil hengje på som flåtten til dei får viljen sin, pluss ein rikeleg bonus frå oppdragsgjevarane. Ressurssterke personar frå dei krinsar som ser store pengar lokke over fjella arbeider jamt og sikkert for å overtyde tilstrekkeleg mange maktpersonar om korleis vi skal kome til det lova vindturbinlandet.

Ingen av oss veit korleis dette ender. Vi som ikkje trur på propagandaen, har på ein måte vunne første slaget, men vi kan likevel tape krigen. Alt tyder på at her føregår ei omgruppering. Kommunane skal lokkast med lite grann meir skatteinntekter, og her kan verte vurdert noko strengare konsesjonskrav. Difor er her ingen grunn til å slappe av, verken for oss på grasrota eller for våre lokale politikarar. Denne pausen må nyttast til å byggje opp ei sterk folkerørsle. Av og til kjennest det som vi har fått gnagarar inn i kjellaren, slik det hender no om hausten. Det gjeld å ikkje få dei opp i huset.

Eg trur at den lokale og folkelege motstanden mot vindkrafteventyra er komen for å bli. Fleire og fleire av oss ser at forteljinga om at drivkrafta for utbyggingsinteressene er omsynet til å berge klimaet, beint fram er oppspinn og kamuflasje for grådigheit. Det er også lett å sjå det i samanheng med den tiltakande sentraliseringa og utarminga av distrikta. Våre landsdelar vert dei nye koloniane, der både menneskeleg miljø og naturmiljø vert neglisjert. Vinsten går til nokre få personar og selskap, langt borte i vårt land eller i utlandet.

Her er stadige nyhende for dei som prøver å følge med. Laurdag 9. nov. hadde NRK.no ein artikkel: Vindkraftverk har ingen plan for opprydding. 7 vindkraftverk har ikkje sett av midlar til opprydding, 3 av dei har heller ikkje fått krav om det frå NVE. NVE har ikkje kapasitet til oppfylgjing, seier Arne Olsen, som har ansvaret for konsesjonshandsaminga. I dag er det slik at det fort kan bli anten kommune eller grunneigar som må ta kostnadene ved tilbakeføring til naturen. Då hjelper det heller ikkje å kunne sykle til Høyanger, her må nok tyngre utstyr til, herr Erik Espeset.

Til slutt: Her i Gaular kan vi vere glade for den flotte stølsboka vi har fått. Den syner oss både naturarven og kulturarven vi har fått å forvalte. Skal alt dette kastast på historia sin skraphaug for ein usikker vinst?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags