Trekk meldinga, Fred. OIsen!

VENT: NVE har skrive at dei ikkje vil behandle meldingar om utbygging før nasjonal ramme er fastsett. Fred Olsen Renewablekunne difor venta med meldinga, skriv Ingunn Kjelstad i artikkelen.

VENT: NVE har skrive at dei ikkje vil behandle meldingar om utbygging før nasjonal ramme er fastsett. Fred Olsen Renewablekunne difor venta med meldinga, skriv Ingunn Kjelstad i artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVindkraftselskapet Fred Olsen Renewables (heretter FOR) bryr seg ikkje om den demokratiske prosessen som gjev kommunar og organisasjonar rett til å uttale seg om vindkraft.

NVE la 1. april fram forslag til nasjonal ramme for vindkraft, der 13 område i landet var peika ut som «mest egnede» for vindkraft. Område 19 dekkjer delar av Sunnfjord og ytre Sogn. Kommunar, organisasjonar og innbyggjarar har ein høyringsfrist fram til 1. oktober på denne ramma. Deretter skal Olje- og energidepartementet behandle høyringssvara, og ta avgjerd vedr. nasjonal ramme for vindkraft.

Utan respekt for denne demokratiske prosessen, eller for den lokale og regionale medverkinga som NVE har sagt skal leggast til grunn, sender FOR den 10. september melding om utbygging av Høyangerfjell vindkraftverk til NVE. Høyangerfjell vindkraftverk, er plassert i fjella mellom Høyanger og Gaular.

NVE har skrive at dei ikkje vil behandle meldingar om utbygging før nasjonal ramme er fastsett. FOR kunne difor venta med meldinga. Rett og slett fordi meldinga ikkje vil bli behandla på lenge, og av respekt for demokratiet. FOR går med dette utanom ein demokratisk prosess. Det er ein snarveg for å vinne tid, på kostnad av kommunal og lokal råderett.
Informasjonskomitéen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger arbeider for å bevare naturlandskap, miljø, friluftsliv og allemannsrett i våre kommunar.

Vi har derfor i brev til Fred. Olsen Renewables bedt om at dei trekkjer si melding til NVE om Høyangerfjell vindkraftverk. Kommunal og lokal råderett, og ein demokratisk prosess, må vege tyngre enn bedriftsøkonomisk hastverk.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags