Vindkraft hjelper ikkje klimaet

NEPPE MINDRE: I dette landet kjem vi neppe til å køyre mindre bil om fleire fjell vert smadra til industriområde for turbinar, skriv artikkelforfattaren.

NEPPE MINDRE: I dette landet kjem vi neppe til å køyre mindre bil om fleire fjell vert smadra til industriområde for turbinar, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Aldri har dei konkrete argument, agentane for vindkraft. Aldri talfesta opplysningar til støtte for sine iherdige påstandar. Dei held det berre gåande med å hevde at deira flittige jakt etter pengar er til beste for alle – ja, på lag avgjerande for at jorda ikkje kokar over.

Her i avisa skriv Per Ove Skorpen, dagleg leiar i Norsk Vind, at det finst ikkje truverdige analyser som tilseier at vi klarer oss utan vidare utbygging av vindkraft, spesielt på land. Om han meiner det finst talfesta analyser som tilseier at redninga ligg i vindvengjene, kunne han vel like godt komme med dei, og ikkje berre servere generelle synspunkt.

Gjennom nokre år har Noreg bygt opp eit overskot på 10-12 TWh (milliardar kilowattimar) vasskraft utan at eimen frå fossilbålet har minka. Kvifor skulle vindkraft verke annleis? Det ville vere så overveldande nytt om Skorpen hadde konkret dekning til å svare med, at han sikkert ville brukt slike opplysningar.

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

I dette landet kjem vi neppe til å køyre mindre bil om fleire fjell vert smadra til industriområde for turbinar. I Tyskland, som har mest vindkraft i Europa, melde Spiegel online i 2013 at i første halvdel av det året hadde produksjonen av straum frå brunkolverk gått opp med 12,4 prosent.

Dette var ikkje eit blaff. Året etter viste tala at utsleppa frå brunkolverka var dei største sidan Tyskland igjen vart samla. Dette landet har rundt 28.000 vindturbinar, som leverer det nette talet 3,2 prosent av all energiomsetning. No har utbygginga i realiteten stansa. Protestane vart for store.At norsk vindkraft vil lindre plagene i verda, vert aldri meir enn ein draum.

Kol og olje inneheld konsentrert og lett handterleg energi. Den energien som er å få ut av vinden, er svært utspedd. Utnyttinga krev store areal. Det er god dekning for at vinden – eller andre fornyelege kjelder – vil aldri kunne levere nok til å ta over mykje av drifta av moderne samfunn. Det finst éin veg til vesentleg mindre utslepp, han heiter mindre forbruk av energi. Sjølvsagt er dette vanskeleg, men lovene i fysikken bryr seg ikkje om kva vi måtte ha lyst på. Ingen kan finne opp teknikk som er i strid med naturlovene; alkymistane prøvde lenge.

Utsleppa frå fossil energi er berre eitt av mange symptom på vårt overforbruk av areal og nesten alle andre naturgode. Talet på dyr i verda er halvert sidan 1970, på ein blunk i historia. Alt som held livet på jorda gåande, krympar under vår okkupasjon av stadig nye areal. Med fleire vindkraftverk kan vi gjere vårt til å framskunde større samanbrot.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags