Vil politikarane stanse SFE på Lutelandet?

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Før påske gjorde Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) vedtak om å satse pengar i vindkraft på Lutelandet. Så kom koronapandemien, og straumprisane sokk som stein. Byggjer dei likevel, med augo opne for store tap?

Viruset er ikkje heile årsaka til låge prisar. Kraftoverskotet var stort frå før. Snømengdene i fjellet er enorme, eit lager for 30 TWh (milliardar kilowattimar) meir enn vanleg. Vindkraftverka har gjort sitt med stor produksjon i det urolege vintervêret. Dempa avsetning gjeld ikkje berre elektrisk kraft. Oljeomsetninga i verda har falle rundt 25 prosent, ein situasjon som utløyste krisemøte i OPEC og mindre produksjon.

Energiprisane er vare for fall i kjøpelysta, på lag som matvarer. Forbruket fyk ikkje opp om straum og olje vert billegare. Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og EU har skrudd ned sine prognosar for økonomisk vekst framover; dei låg lågt også før koronaen lamma den rike verda. Utviklinga i norsk økonomi er ikkje berre eit spørsmål om kor raskt vårt land kviknar til att. Vår økonomi er langt på veg i hendene på omverda. Kanskje kjem Vesten aldri inn att på sitt gamle spor.

Det er ikkje dristig å tru at vindkraftverket på Lutelandet vert ei økonomisk underskotsmaskin, lenge. Låge straumprisar går i tillegg ut over inntektene frå dei store vasskraftverka som SFE eig, og det nye dei byggjer i Jølstra.

Det er å vente at hovuda i SFE-leiinga, med betaling for å handle rasjonelt, ser teikninga og stansar misbruket av pengar. Om ikkje, er spørsmålet om eigarane – politikarane i kommunar og fylkeskommunen – vil manne seg opp og be selskapet ta til økonomisk vit i tide. Alternativet er å vente på meldinga om at SFE har selt utbygginga til ein eller annan spekulant i utlandet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags