Vil MDG eigentleg ha ei mineralnæring?

STØTTAR GRUVEDRIFTA: – Tida er no inne for alle parti og politikarar å støtte opp om Nordic Mining si gruvedrift. Engebøutbygginga er ikkje i boks, skriv Knut Inge Andersen.

STØTTAR GRUVEDRIFTA: – Tida er no inne for alle parti og politikarar å støtte opp om Nordic Mining si gruvedrift. Engebøutbygginga er ikkje i boks, skriv Knut Inge Andersen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Direktoratet for mineralforvaltning har nyleg konkludert: Gruvedrift i Engebøfjellet er eit godt, industrielt prosjekt med handterlege miljøkonsekvensar.

Det burde vere ei gladmelding til alle som er opptekne av næringsutvikling og arbeidsplassar som ikkje berre handlar om oljeverksemd. Men nei: Å hive det vi ikke trenger lenger på havet, er enkelt og billig. Det skriv fylkesvaraordførar i Vestland, Natalia Golis (MDG) og bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Bergen, Reidar Staalesen.

Dette er ikkje anna enn ei medviten og karikert overforenkling av den tekniske prosessen som kallast opprekning eller mineralteknikk.

I så godt som alle gruveprosjekt må ein skilje gråberg frå dei verdifulle delane av fjellet. Det som ikkje kan brukast, frå 50 til 99,9 % av den totale bergmassen, kallast avgang. Det må dermed bli igjen på staden. For Engebøprosjektet sin del vil avgangen bli sedimentert ut på botnen av Førdefjorden.

Avgangen har ein like naturleg mineralsamansetning som det ein finn i slammet elva Jølstra fører med seg ut i Førdefjorden når det er flaum. Dei små mengdene kjemikaliar som heng ved, er naudsynte i flotasjonsprosessen der ein tek ut rutil og granat.

Er det eit mindreverdig formål at titanråstoffet går til målingsproduksjon, som pigmenttilsats i kvitmåling? Er det eit problem at granat vert brukt til sandblåsing på oljeplattformer, ved verft og i verkstader? Ja, det inntrykket etterlet i alle høve fylkesvaraordføraren i Vestland. Der trur eg både Golis og Staalesen tilhøyrer eit lite mindretal. Dei fleste vil heller glede seg over at Sunnfjord får tilført industri som gjev innhald og meining til fine formuleringar om grønt skifte og ‘fleire bein å stå på.’

Tida er no inne for alle parti og politikarar å støtte opp om Nordic Mining si gruvedrift. Engebøutbygginga er ikkje i boks. Den vil krevje store investeringar i ei tid der aksje- og kapitalmarknaden er meir usikker enn på lenge. At leiande politikarar i Vestland fylke heretter lojalt sluttar opp om eit prosjekt som vil kunne gje eit hundretals sikre industriarbeidsplassar bør difor vere ein sjølvsagt ting.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken