Vil ha nærskuleprinsippet framfor fritt skuleval

Av
DEL

Lesarbrev

I eit lesarinnlegg i Firda skriv Sogn og Fjordane Unge Høgre at fritt skuleval gir elevar i skulen moglegheit til å sjølv velje kva skule dei skal gå på. Eg og Senterpartiet er ueinige i den påstanden.

Først til omgrepet fritt skuleval. Dette er eit misvisande omgrep, i tru på at ungdomar får bestemme heilt sjølv. Det er feil. Eit meir treffande omgrep på ordninga er «karakterbasert opptak». Dette er i realiteten fritt for dei elevane med dei aller beste karakterane, som kan velje og vrake mellom tilboda. Dei andre elevane har ikkje fritt skuleval. Det vil altså gå hardast utover dei fagleg svake elevane. Dei risikerer å bli tvungen til å flytte på hybel som 15 åringar, fordi nærskulen er fylt opp av dei fagleg sterkaste elevane.
Med fritt skuleval er det berre dei fagleg sterke som i realiteten har moglegheit til å velje fritt.

Det er urovekkande at Unge Høgre vil føre ein politikk for dei fagleg sterkaste elevane, og ha ein risikosport med dei elevane som har størst trong for trygge rammer. er politikk som Senterungdomen og Senterpartiet aldri vil vere med på. Alle elevar må få moglegheit til å gå på ein skule i nærleiken, ikkje risikera å måtte flytte ufrivillig på hybel fleire timar unna. Med nærskuleprinsippet blir ein ikkje tvungen til å måtte velje den skulen som er nærmast, slik Unge Høgre påstår. Det skal vere mogleg å søke seg til andre skular og andre linjer, men ein skal likevel ha moglegheit til å gå på nærskulen dersom ein ønskjer det. Det skal vere ein moglegheit, ikkje ei plikt.

Det skal ikkje ha noko å seie om du bur midt i Bergen, i Førde eller Årdal. Senterungdomen og Senterpartiet vil ha eit godt og desentralisert skuletilbod uavhengig av kvar i landet du bur. Difor seier me ja til at nærskuleprinsippet skal ligge til grunn, og nei til eit karakterbasert opptak.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags