Vil du gje meg ein sjanse?

UTANFOR: Å kunne vere i jobb eller skule er svært viktig for den enkelte si psykiske helse og livskvalitet. Fleire arbeidsgjevarar, offentlege og private, bør difor ta samfunnsansvar og bli med på inkluderingsdugnaden, skriv artikkelforfattaren.

UTANFOR: Å kunne vere i jobb eller skule er svært viktig for den enkelte si psykiske helse og livskvalitet. Fleire arbeidsgjevarar, offentlege og private, bør difor ta samfunnsansvar og bli med på inkluderingsdugnaden, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi har låge arbeidsløysetal. Like fullt står ei stor gruppe utanfor arbeidslivet, og mange opplever at dei ikkje får sjansen til å prøve seg og vise kva dei kan.

Det er dessverre mange som opplever at hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne blir vektlagt så mykje at deira reelle kvalifikasjonar ikkje blir oppfatta eller vurdert hos arbeidsgjevarar.

For å hjelpe denne gruppa inn i arbeidslivet kom omgrepet «inkluderingsdugnad». Frå politisk hald sette ein eit mål om at fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar som har hol i CV-en eller har nedsett funksjonsevne.

Tanken var at inkluderingsdugnaden skulle gjelde både for privat og offentleg sektor, og føringane var at statlege verksemder skulle gå føre og vise veg med å inkludere arbeidssøkarar som ofte ikkje kom i posisjon til jobbar.

Yngve Årdal

Yngve Årdal Foto:



Så langt har ein lukkast berre i mindre grad. Med nye ordningar må ein av og til bruke litt tid, men no må fleire komme på bana og vise handling.

I Sunnfjord er vi mange som prøver å hjelpe folk i gang igjen i arbeidslivet. Eg jobbar sjølv i eit slikt team, og hjelper personar med psykiske plager og/eller rusutfordringar. Dette er personar som står utanfor, men som er motivert for igjen for å møte arbeidslivet. Ut frå deltakarane si utdanning, erfaring og ikkje minst jobbsøkarane sine ønsker, besøker vi arbeidsgjevarar i distriktet for å sjekke ut om det er mogeleg å få innpass.

Vi treff som oftast opne dører, med leiarar som er interessert i å snakke med oss, og det er fleire gir personar i denne gruppa ein sjanse. Dessverre møter vi også leiarar som har kommentarar som: «Vi skal ikkje ha slike personar hos oss» eller: «Vi prøvde for nokre år sidan, det fungerte ikkje, så det er uaktuelt». Heldigvis er desse leiarane i eit stort mindretal.

Skal ein lukkast med å inkludere fleire som står utanfor, må det ei haldningsendring til. Ein må ville det, og ein må ville det frå toppen av organisasjonen. Inkludering må inn som eit måltal på lik linje med andre tal ein ønsker å fokusere på. Som bedrift eller organisasjon bør ein kunne vere stolte av å fortelje at ein er med og tar eit samfunnsansvar. Det gir viktige signal innanfor bedrifta til eigne tilsette, det gir viktige signal ut til kundar og samarbeidspartnarar, og det gir viktige signal til arbeidssøkarar.

Når ein snakkar om inkludering så er det ikkje å ta inn personar som skal jobbe mange månader gratis for ein arbeidsgjevar på arbeidstrening. Den gruppa eg skal hjelpe er personar som fortener lønn på lik linje med andre i bedrifta. Det er inkludering.

Inkluderingsdugnaden går framover, om ein seint. Det var difor gledeleg å sjå stillingsannonse frå Statens vegvesen for litt sidan då dei søkte etter Køyretøykontrollør i Førde. «Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga».

La det vere ein tekst som vi etter kvart kan finne igjen i andre stillingsannonsar og på bedrifter sine nettsider – private som offentlege i Sunnfjord. I løpet av 2020 håper eg å sjå ein slik variant hos arbeidsgjevarar som t.d. Helse Førde, Sunnfjord kommune, Lotteri- og stiftelsestilsynet, eller for den del NAV som er min arbeidsgjevar.
Ta samfunnsansvar. Ikkje fordi ein må, men fordi ein vil!

Viser elles til nettsida jobbivestland.no der arbeidssøkarar, arbeidsgjevarar og forelder vil finne nyttig informasjon kring arbeidsinkludering.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags