– Vi vil legge til rette for tilflytting, men kvar er kommunen når det er snakk om Solheimsdalen?

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Solheimsdalen grendalag vil gjerne uttale seg i høve alternativa til skulebruksplan som Sunnfjord kommune har presentert i media og på orienteringsmøte den 28.10.20.

Det er forståeleg at kommunen må gjere økonomiske prioriteringar for å dekkje framtidige utgifter som skal ta hand om den komande eldrebølgja. Det er også forståeleg at kommunen ser ei god moglegheit i å kutte utgifter i skulesektoren grunna eit samla sett synkande elevtal dei neste åra.

Det vi i Solheimsdalen grendalag ikkje forstår, er at kommunen ikkje ser vekstpotensial i dei flotte grendene i Sunnfjord. I kommunens statistikk over framtidige elevtal i skulekrinsane, er utrekningane gjort med bakgrunn i noverande alderssamansetning og kva tidspunkt ein kan forvente eit generasjonsskifte i eksisterande bustader. Kommunen har uttalt at skulebruksplanen skal møte den framtidige samansetninga av innbyggjarar. Samstundes pågår det ei storstilt planlegging og utbygging av nye bustader i allereie veletablerte sentrumsområde og byggjefelt.

I denne samanheng lurer vi på:

Er det gjort tilstrekkelege undersøkingar av kvar folk ønskjer å bu i framtida? Korleis skal kommunen halde liv i bygdene?

Solheimsdalen grendalag har opp gjennom tidene fått fleire førespurnader om ledige hus i grenda, men vi har ingen bustader å tilby. Dei få husa som har vore for sal har gjerne vore av eldre standard, eller del av eit småbruk. Bustadane har likevel vorte kjøpt innan kort tid. Av unge menneske. Grendalaget har gjort fleire forsøk på å engasjere kommunen og utbyggjarar for å utvikle eigedomar, men det er ingen som ønskjer å satse. Få og sjeldne hus til sals gir lite data til å vurdere marknaden.

Vi ønskjer å utfordre kommunen med følgjande:

Kva er fortrinnet til Sunnfjord kommune samanlikna med meir urbane strøk på vestlandet og elles i landet? Er det Førde sentrum som skil seg ut som ein unik metropol? Eller kan naturskjønne bygder med nærleik til trygge, gode og velfungerande barnehagar, skular og grendehus, i pendleavstand til arbeidsplassar, vere ein like god, og kanskje betre reklameplakat?

I informasjonsmøtet uttalte kommunen at dei 17 berekraftsmåla skal ligge til grunn for vurderingane av den nye skulebruksplanen. Spesielt to tema blei løfta fram, "miljø" og "like gode tilbod til alle".

Vi kan forstå at det vert meir likskap i det skulefaglege tilbodet ved å legge ned skular og samle elevar i større klassar. Men vi er ikkje overtydd om at det berre er det faglege tilbodet som vil gagne elevane. Vi meiner at det er like viktig med ein nærskule, mest mogleg fritid/minst mogleg reiseaktivitet, og samspel med andre barn og bebuarar i nærområdet. I tillegg er det lite som tyder på at det faglege tilbodet har vore for dårleg til no, utifrå resultata frå dei nasjonale prøvene i Sunnfjord å bedømme.

Når det gjeld berekraftsmåla som rettar seg mot temaet "miljø", så har vi lurt på om det er FNs mål om å "stoppe klimaendringar" og ivareta "livet på land" som kommunen har hatt i tankane.

Solheimsdalen grendalag vil i så tilfelle påstå at kortare reiseveg til skulen vil føre til mindre utslepp av klimagassar. Fleire av dei tilsette ved skulen, SFO og barnehagen er busett i grenda, noko som også er med på å minske bilbruk og utslepp. Det er også tenkeleg at med naturen som nabo, så vil forbruket på langtransporterte varer også verte mindre.

Vi meiner også at livet på land er lettare å ta hand om dersom fleire busett seg i utkantane og er med på å halde kulturlandskapet og naturmangfaldet ved like. Ein nærskule kan i så måte ha betydning for livet på land, ved å heve attraktiviteten til grenda slik at fleire vel å busette seg der.

Kommunen har enno ikkje presentert dei økonomiske utrekningane som syner besparingane i dei ulike alternativa til ny skulebruksplan. Sidan den største nedgangen i antall elevar er forventa å skje sentralt i Førde, ser vi det som sannsynleg at det også vil vere her det er mest å spare ved omstruktureringar. Ved å først begynne med endringar sentralt, så vil kommunen også i størst mogleg grad imøtekomme det viktige nærskulepremisset som skal ligge til grunn for vurderingane.

I likskap med andre skular i distrikta, er Karstad skule og barnehage i god teknisk stand, ein lokalt viktig arbeidsplass og eit samlingspunkt for fritidsaktivitetar og feiring av høgtider. Ei nedlegging vil ha store ringverknader for lokalmiljøet.

Vi håpar at kommunen er like stolte som oss over kvalitetane som Solheimsdalen grend kan tilby, både no og i framtida. Skulen og barnehagen er plassert i idylliske omgjevnader med nærleik til natur og dyreliv, med frisk fjelluft og store boltreområder for leik og utforsking, og utan trafikkfare, støy og svevestøv. Vi har god tru på at fleire born og foreldre kan ha stor glede av desse fordelane.

Solheimsdalen grend har tomter klar for nye bustader, med noko av dei vakraste utsiktene Sunnfjord kan tilby. Tomtene kjem verken i konflikt med viktige våtmarksområde eller dyrkbar jord.

Vi kan hjelpe Sunnfjord kommune med å "leggje til rette for spreidd busetnad og mindre byggefelt i heile kommunen", samt gje dykk "areal for framtidig vekst og utvikling for å samordne bustadbygging med skule- og barnehagekapasitet", jamfør kommuneplanens kloke føringar for bustadutvikling.

Solheimsdalen grendalag har store forventningar til at Sunnfjord kommune vil planlegge ein skule- og barnehagestruktur i samanheng med ei bustadutvikling som tar omsyn til attraktiviteten og livet i bygdene.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken