Vi treng tryggheit

STRAFFA: Det vi atløyningane er ute etter er tryggheit. Vi føleR det faktisk no atT vi vert straffa for at vi bur her vi bur, skriv Mona Karin Herland i dette innlegget.

STRAFFA: Det vi atløyningane er ute etter er tryggheit. Vi føleR det faktisk no atT vi vert straffa for at vi bur her vi bur, skriv Mona Karin Herland i dette innlegget.

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg høyrer at Helse Førde seier at ambulansetenestene skal verte så mykje betre her ute på Atløy. Det er visst berre eit lite problem ifølge Helse Førde, og det er auka responstid. Auka responstid – ein må altså vente lenger før ein får hjelp her ute.

Kva tek Helse Førde folket som bur her ute på Atløy for? Nokre «hottentottar» som berre skal vere så takknemmelege, glade og lykkelege for at vi får noko i det heile. De burde skamme dokke langt ned i lakkskoa. Viss de har vore med eit menneske som held på å stryke med mens de venta på akutt hjelp, så veit de like godt som vi at tida er avgjerande.

Den nye ambulansebåten skal vere i Sula. Ambulansebilen vår på Askvoll har de flytta til Dale. Ambulansebåten vår «Askvoll» ligg i dag ved kaia på Askvoll, nett som ei tom snekke, ribba til skinnet for alt utstyr.

Ved utrykking til Atløy, Værlandet og Bulandet må ambulansebåten vår vente på ambulansebilen frå Dale så dei kan få om bord helsepersonell og sjukebåre.

Så når ambulansebåten endeleg kjem seg frå kaia har det gått 25 minutt, endå meir på dårleg føre. Og de i Helse Førde må berre ikkje gje oss noko falsk tryggheit med at helikopteret kjem uansett. Det er vêravhengig, det veit de like godt som oss. For og seie det slik: Eit hjarteinfarkt er ikkje inne på yr.no for å sjå om det kan passe med vêret.

Det vi atløyningane er ute etter er tryggheit. Vi føler det faktisk no at vi vert straffa for at vi bur her vi bur. Vi må vite at vi har tryggheit når vi treng akutt hjelp, at det er beredskap på Askvoll med ambulansebåt og sjukebil. Vi føler det som eit overgrep her ute at Helse Førde tek frå oss ambulansebåten i Askvoll. Det fører til utryggheit. Helse Førde må sjå folket som bur her ute. Vi er ikkje på fastlandet – endå.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken