Vi treng systemendring no!

AKUTT: No må vi innsjå at klimakrisa er så akutt og øydeleggjande, at tiltak og endringar er nødvendige. Byrjar vi å omstille oss no, har vi tid til å skape eit godt og levedyktig samfunn.

AKUTT: No må vi innsjå at klimakrisa er så akutt og øydeleggjande, at tiltak og endringar er nødvendige. Byrjar vi å omstille oss no, har vi tid til å skape eit godt og levedyktig samfunn. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI dag er vi i ei koronakrise. Men sjølv om vi har fokus på korona, stoppar ikkje klimaendringane.

I dag er samfunnet bygd på pengar, og ikkje omsynet til miljøet, noko som gjer det vanskeleg å stoppe klimaendringane. Om vi skal klare å hindre klimaendringane før det er for seint, er vi nøydde til å handle no, og vi må endre det økonomiske systemet for å skape grunnlag for eit grønt skifte.

Verdas økonomiske system set i dag profitt og pengar framfor alt anna. I dag står 100 selskap for 71 prosent av all verdas utslepp, og eit av desse selskapa er norske Equinor. Equinor driv hovudsakleg med olje og gass, og tener milliardar av kroner på å øydeleggje verda.

Det økonomiske systemet gjer at dei rikaste i verda forureinar og øydelegg for dei som har minst. For det er dei fattige landa som vert hardast ramma av klimaendringane. Det er allereie mange som har fått liva sine øydelagde på grunn av klimaendringane, og det kjem til å verte fleire i åra som kjem. Det vert meir ekstremvêr som tørke og flaum, og mange land kjem til å verte umoglege å bu i. Dei fattigaste landa har heller ikkje pengar til å gjere tiltak mot klimaendringane, slik som vi i rikare land har. Dette gjer at klimaendringane både øydelegg miljøet og skapar større skilnadar i verda.

Dersom vi handlar no, kan vi hindre dei største konsekvensane. Tiltaka mot korona har vist oss at vi kan gjere store endringar om det vert nødvendig. Dei har og vist oss at tiltaka hjelp, både mot korona og klimaendringane. I Kina kan mellom 50.000 og 100.000 menneskeliv verte spart, som følge av mindre luftforureining etter koronatiltak.

No må vi innsjå at klimakrisa er så akutt og øydeleggjande, at tiltak og endringar er nødvendige. Byrjar vi å omstille oss no, har vi tid til å skape eit godt og levedyktig samfunn, i staden for at tiltaka skal komme brått den dagen dei kjem. For å klare det grøne skiftet er vi nøydde til å utvikle ny teknologi og skape miljøvenlege arbeidsplassar no.

I dag har vi moglegheit til å redde verda. Vi har moglegheit til å gjere dei tiltaka som er nødvendige for å hindre klimakrisa. Men då krevst det at vi startar no. Vi må endre det økonomiske systemet, slik at klimaomsyn kjem føre pengar. Klimakrisa er akutt og det trengst endringar. Vi må gjere oss klare til ei grøn verd!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags