Vi treng betre forbilde enn dette, Raja

SJØLVHEVDING: Eg stiller spørsmål ved om Raja forstår rolla si som folkevald og som minister når han svarar med sjølvhevding og ein usakleg karakteristikk av Kihl i det vi må forstå som eit offentleg ordskifte, skriv artikkelforfattaren.

SJØLVHEVDING: Eg stiller spørsmål ved om Raja forstår rolla si som folkevald og som minister når han svarar med sjølvhevding og ein usakleg karakteristikk av Kihl i det vi må forstå som eit offentleg ordskifte, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Når kulturministeren svarar usakleg og respektlaust på kritikk, risikerer han å heve terskelen for å delta i den offentlege debatten.

På «nynorskens dag», 12. mai, la Kulturdepartementet fram framlegg til ny språklov. I samband med dette uttalte politisk kommentator i BT, Jens Kihl, seg kritisk til delar av språklova i ei twittermelding til kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja. Tilsvaret frå ministeren var som følger:

«Jeg vet du er supermann, men kanskje trenger også du litt mer tid til å sette deg inn i loven før du konkluderer? Nynorskens plass øker, svekkes ikke. Og det er faktisk ikke triste greier. Ser at også #nynorskkultursentrum er enig med meg. […]».

Eg stiller spørsmål ved om Raja forstår rolla si som folkevald og som minister når han svarar med sjølvhevding og ein usakleg karakteristikk av Kihl i det vi må forstå som eit offentleg ordskifte. Kvifor vel ikkje Raja heller å møte kritikken og gå inn i ordskiftet på ein sakleg måte?

Eg spør ikkje om dette for å forsvare Kihl. Eg gjer dette for å peike på at viktige verdiar som demokrati og likestilling kan svekkjast av den typen tilsvar. Dette er verdiar som Raja forsvarar med ord, men som han òg i rolla som kultur- og likestillingsminister må vise gjennom handling.

Ein profilert debattant som Kihl vil neppe vegre seg for å gå inn eit slikt ordskifte. Derimot er det mange andre i samfunnet som skal kunne ytre seg, og delta i den offentlege debatten på lik linje med røynde debattantar, som vil vegre seg når dei veit at dette er ein type respons dei risikerer å få. Med denne uparlamentariske tonen og mangelen på respekt overfor mottakaren vil Raja kunne ekskludere mange «vanlege» borgarar frå å delta i det offentlege ordskiftet.

Som folkevald skal ikkje Raja trenge å hevde seg sjølv, men heller handle ut ifrå dei verdiane departementet og regjeringa hans står for. I regjeringa Solberg sin nye overordna del av læreplanen finn vi eit eige kapittel om demokrati og medverknad. Her kan vi lese at:

«[Opplæringa] skal gi elevane forståing for spelereglane i demokratiet og betydninga av å halde desse i hevd. Å delta i samfunnet inneber å respektere og slutte opp om grunnleggjande demokratiske verdiar som gjensidig respekt, toleranse, trus- og ytringsfridom […].»

Overordna skulepolitikk er eit politisk uttrykk for kva slags borgarar vi ønskjer å ha i samfunnet. Når vi forventar dette av
elevane våre, må vi òg kunne forvente det av ministrane våre. Språklege maktmiddel er ikkje eit uttrykk for gjensidig respekt, men eit verkemiddel for å ekskludere andre frå den offentlege debatten.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags