Vi slår ring om arbeidsplassane

DUGNAD: Vi treng at heile Sogn og Fjordane blir med på dugnaden for å hindre smitte. Så skal regjeringa stille opp med det dei kan for å sikre liv, helse og norske arbeidsplassar, skriv Frida Melvær (bildet) og Elin Agdestein i artikkelen.

DUGNAD: Vi treng at heile Sogn og Fjordane blir med på dugnaden for å hindre smitte. Så skal regjeringa stille opp med det dei kan for å sikre liv, helse og norske arbeidsplassar, skriv Frida Melvær (bildet) og Elin Agdestein i artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKoronaviruset har sett oss i en alvorleg situasjon. Det viktigaste no er å hindre at viruset råkar liv og helse. Heile nasjonen vert sett på prøve, og vi har alle eit ansvar for å bidra til å forhindre smitte.

Det er vanskeleg å seie kor store konsekvensane blir og kor lenge det vil vare, men uansett må vi gjere alt vi kan for å trygge arbeidsplassar som er i ein akutt og krevjande situasjon som følgje av pandemien. No må vi halde hjula i gang og syte for at den midlertidige nedturen ikkje påverkar jobbane og bedriftene på lengre sikt. Vi treng alle ein jobb å gå til.

Vi har mekanismar i arbeidsmarknaden som nettopp er retta mot slike situasjonar som vi no opplever. Regjeringa brukar moglegheita dei har til å endre permitteringsregelverket. Det sikrar dagpengar til den enkelte arbeidstakar dersom han eller ho blir permittert. Bedriftene vil då raskt kunne redusere kostnadane sine, og vi unngår oppseiingar.

Situasjonen blir ei belastning for både bedrifter og familiar. Sjukedagar med barn kjem til å bli utvida i regelverket.

Noreg har gjennom fleire vanskelege situasjonar blitt redda av det velfungerande banksystemet vårt. Vi har gjennom fleire år trappa opp kapitalkrava til bankane, og bankane er i dag solide. Ein god bankforbindelse vil vere viktig for bedrifter som opplever midlertidige tilbakeslag. Norges Bank overvakar situasjonen og har beredskap for raskt å tilføre kapital til bankane.

Bedrifter som ser raude tal får no moglegheit til å tilbakeføre underskot mot beskatta overskot frå tidligare år. Dette vil hjelpe bedrifter som i dag blir råka av at kundane sviktar, for eksempel i reiselivet. Det blir lettare å få kortsiktige lån i bankane i ein overgangsperiode. Dette er eit målretta tiltak for at sunne og gode bedrifter i Sogn og Fjordane ikkje går konkurs, sjølv om dei blir hardt råka akkurat no.

Formuesskatten er ein skatt som må betalast av eigar sjølv om bedrifta går med underskot. Vi foreslår at eigarane av bedrifter som går med underskot skal kunne få betalingsutsetjing av formuesskatten. Då vil bedrifter med underskot kunne sleppe å betale utbytte til eigarane for å dekke formuesskatten.

Situasjonen vert vurdert fortløpande, og det er fleire mogelege økonomiske tiltak i verktøykassa som vil verte tatt i bruk dersom det blir nødvendig.

Norsk økonomi har klart seg bra gjennom første fase av omstillinga bort frå ein oljedriven økonomi. Handlingsregelen gjer at vi ikkje er avhengige av løpande oljeinntekter og oljefondet gjer difor til at Noreg er rusta til å tole eit oljeprisfall. Fallhøgda er mindre enn for nokre år sidan, og den norske økonomien si oljeavhengigheit er redusert.

Vår felles arbeidsinnsats er grunnlaget for gode og trygge liv. Å ha ein jobb gir deg inntekt og skapar velferd for den enkelte, familiane og samfunnet. Å sikre jobbar i Sogn og Fjordane og resten av landet er det viktigaste målet for den økonomiske politikken vår akkurat no.

Vi treng at heile Sogn og Fjordane blir med på dugnaden for å hindre smitte. Så skal regjeringa stille opp med det dei kan for å sikre liv, helse og norske arbeidsplassar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags