Vi må heie fram politisk debatt

ENGASJERT: Dei siste åra blir diskusjonane i større grad på nett, og debattane blir krassare og meir i skyttargravene. Ein høyrer at mange kvir seg for å engasjere seg, og at folk føler at avstanden mellom dei folkevalde og vanleg folk blir større, samstundes som færre vel å engasjere seg i politikken, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå gruppemøte i Sunnfjord kommunestyre.

ENGASJERT: Dei siste åra blir diskusjonane i større grad på nett, og debattane blir krassare og meir i skyttargravene. Ein høyrer at mange kvir seg for å engasjere seg, og at folk føler at avstanden mellom dei folkevalde og vanleg folk blir større, samstundes som færre vel å engasjere seg i politikken, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå gruppemøte i Sunnfjord kommunestyre. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Som ung samfunnsdebattant og aktiv i Høgre er eg ein av mange tusen som engasjerer meg lokalt, regionalt og til ein viss grad nasjonalt når det kjem til politikk. Som mange andre privatpersonar, har eg mange ønske og tankar på korleis Norge skal vere. Likevel er eg bekymra over korleis samfunnet vårt endrar seg, og måten vi tar debattar.

Dei siste åra blir diskusjonane i større grad på nett, og debattane blir krassare og meir i skyttargravene. Ein høyrer at mange kvir seg for å engasjere seg, og at folk føler at avstanden mellom dei folkevalde og vanleg folk blir større, samstundes som færre vel å engasjere seg i politikken. Resultatet kan vere at det blir større avstand mellom vanlege folk og dei som bestemmer. Dette fører til at politiske vedtak kan få mindre legitimitet og folk i mindre grad vel å engasjere seg i lokaldemokratiet.

Den tøffe tonen på nett, førte til at mange lokalpolitikarar grua seg til valkampen i 2019. Spesielt mange kvinnelege politikarar, innvandrarar og unge er utsett. Dette fører til at listene i større grad manglar mangfald, og det kan gjere det vanskelegare for enkelte grupper å føle seg representert i demokratiet.

Så kvifor er det blitt slikt? Eg trur nokre av grunnane kan vere at partia i dag er blitt store organisasjonar med mange ledd. Skal du få endra politikk eller saker i dag, krev det enormt med arbeid, og du skal påverke svært mange menneske for å lykkast. Når mange parti har utfordringar med å få nok aktive folk i lokallaga, kan viktige stemmer og meiningar ikkje komme fram i partia.

Ein anna årsak er at politikk i dag har mange lobbyorganisasjonar og andre organisasjonar som påverkar våre folkevalde i mange saker. Desse har mykje uformell makt og kan påverke politikarar i enkelte saker. Ol i Oslo brukte 32 millionar kr på eksterne konsulentar i 2014 til dømes. Desse momenta kan skape større avstand mellom folkevalde og vanlege folk. Spesielt i større byar, Stortinget og fylkesting.

Til slutt må vi ta ansvar sjølv. Vi må godta at folk har ulike meiningar om innvandring, EU/EØS, integreringspolitikk, næringsliv, skatt, klima og miljø og kva Norge skal leve av. Vi må i større grad tørre å lyte til folk sine argument, og kvifor folk har desse meiningane. Dessutan har vi som er aktive i politikken eit stort ansvar for å møte folk, snakke med folk og ta folk sine bekymringar på alvor.

Spesielt våre folkevalde har eit ansvar for korleis dei tar debatten med kvarandre og korleis dei diskutere på eit språk folk forstår. I dag er dessverre mange folk redde for å ta debatten om innvandring, klima og miljø eller EØS i frykt for harde debattar og påstandar man kan oppleve å få, om man støtter den eine eller andre sidan.

For til slutt taper vi alle, dersom folk sluttar å engasjere seg og folk ikkje lenger orkar å engasjere seg fordi kostnaden blir for høg, privat, jobbmessing og lokalmessing.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags