Vi må bli færre på jorda

FÆRRE: Dersom all fossil energi skal erstattast med elektrisitet er det vel snakk om 20-30 terrawattimar berre her i landet. Skal vi få ned energibruken og forureininga lokalt og globalt, er det berre eitt som hjelper: Det er å redusere folketalet dramatisk, frå 7,5 milliardar til under 2 milliardar, skriv artikkelforfattaren.

FÆRRE: Dersom all fossil energi skal erstattast med elektrisitet er det vel snakk om 20-30 terrawattimar berre her i landet. Skal vi få ned energibruken og forureininga lokalt og globalt, er det berre eitt som hjelper: Det er å redusere folketalet dramatisk, frå 7,5 milliardar til under 2 milliardar, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHar vi bruk for vindkraft? Ja, i aller høgste grad. Skal vi elektrifisere alt i landet, og også globalt, må det monterast mange master med vindkjegler både på land og sjø. Også på store areal med solcellepanel på bygningar, fjellnakkar og sørvende magre lier.

Dersom all fossil energi skal erstattast med elektrisitet er det vel snakk om 20–30 terawattimar berre her i landet. Når det ikkje er sol og vind til stades, må ein syte for at kraftproduksjonen som då manglar, kjem frå vasskraft eller vert innført frå Europa. Men då kjem vi i ein vanskeleg situasjon, for meininga er at vi skal byggje så mykje på land og til havs at vi kan vere med å elektrifisere Europa, og såleis vere med i den store dugnaden med å få ned bruken av fossilt brensel, eller aller helst få det ut av bruk. Løysinga vert nok store kolfyrte kraftverk i Europa med avgassreinsing, i tillegg til vindkraft og atomkraft.

Skal vi få ned energibruken og forureininga lokalt og globalt, er det berre eitt som hjelper: Det er å redusere folketalet dramatisk, frå 7,5 milliardar til under 2 milliardar. Dette er kanskje ei berekraftig folkemengd for kloden. Dette med berekraft greier ikkje Sveinung Rotevatn og regjeringa berre med rydding i forureining, elektrifisering, endring av matvanar og reduksjon av oljenæringa om 30 år m.m. Det kan dei like godt innsjå først som sist, og setje i gang arbeidet med fødselsreduksjon: Eitt barn per produktiv kvinne, og slik kome ned til under 2 milliardar (om 80–90–100 år?).

Dei må arbeide mot FN og få den organisasjonen til å ta dette opp på breitt grunnlag. Organisasjonen Care, som arbeider for at kvinner skal få det bra, styre over eigen kropp og få delta i arbeidslivet, organisasjonar og politisk styring, gjer eit viktig arbeid. Men det aller viktigaste er å undervise i dette med eitt barn per produktiv kvinne. Og kvifor det er så viktig at dette vert gjort om menneska skal overleve på ein nokolunde anstendig måte.

Det same gjeld og Norec (Fredskorpset) når dei sender ut sine utvekslingsstudentar for å informere om andre kulturformer, kompetanse og styreformer. For desse ungdomane er det ekstra viktig å ta for seg eittbarnsreforma i sitt utviklingsarbeid i fleire verdsdelar. Regjeringa må også i klimapanelet rette sitt arbeid mot reduksjon av folketalet i verda, og få fram at det er den aller viktigaste faktoren for i det heile å kunne rette opp dei feil som er og blir gjort av menneska.

Kunne Gretha Thunberg på same tid som ho retter sin appell til politikarane, også oppmode den kvinnelege delen av ungdomen å hjelpe til med praktisk og teoretisk opplysning om fødselsreduksjon i alle miljø der det trengst, frå 11–12 års alder til 50 år. Så får politikarane hjelpe til politisk og økonomisk at slikt arbeid kan gjennomførast, og også med opplysningsarbeid inn mot dei ymse religionane.

Alt som organisasjonar og styrande gjer mot forureining og for klima og miljø er bra, men det er nyttelaust i lengda om ikkje folketalet vert dramatisk redusert. Med eit folkeleg uttrykk kan ein seie at det vert som «å pisse i buksa» når det er kaldt. Dei som har prøvd det, veit at det vert varmare med det same.

Så tilbake til innleiinga. Held utviklinga fram som no, må det nok byggjast mange vindmøller både på land og sjø, og mange av dei vert til ulempe for miljøforkjemparar, vernarar og fiskarar. Det får vere med ei lita trøyst: At vi som ikkje greier å gå til fjells, kan ta bilen og køyre inn over viddene på dei nye vindkjeglestiane.

P.s.: Berre nokre dagar etter at eg skreiv dette innlegget kom meldingane frå Kina om utbrotet av Corona-viruset og ein får etter kvart vite følgene av det over heile verda. Tent då fram i tid, med 9–10 milliardar menneske. Om det skulle verte eit virusutbrot som med mutasjonar utviklar seg til noko som liknar på Svartedauden. Det kunne kanskje vere bra for berekrafta på jorda. Men eg vil påstå at ein kontrollert fødselsreduksjon vil vere meir human.

Og den må i alle høve kome.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags