Vi er heldige, men må ikkje sove

FRAMSTEG: Sjølv om det generelt har vore store framsteg for regnbogerettar sidan 1990-talet er ikkje det tilfelle over alt, sjølv ikkje på vårt eige kontinent, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå SoFjo Pride i Førde 2019.

FRAMSTEG: Sjølv om det generelt har vore store framsteg for regnbogerettar sidan 1990-talet er ikkje det tilfelle over alt, sjølv ikkje på vårt eige kontinent, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå SoFjo Pride i Førde 2019. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Vi er heldige som bur i eit av verdas beste land å bu i for skeive. Eit land der arbeidet med juridiske rettar og reell aksept har komme svært langt.

Sjølv om det generelt har vore store framsteg for regnbogerettar sidan 1990-talet er ikkje det tilfelle over alt, sjølv ikkje på vårt eige kontinent.

Verst er situasjonen i Russland, der eigne lover forbyr omtale av homofili og tema som «strir mot familieverdiar». Arrestasjon, konsentrasjonsleirar og drap på homofile i einskilde regionar har faktisk blitt akseptert av nasjonale styresmakter og president Putin.

Også innan Den Europiske Unionen (EU) ser vi ei svært negativ utvikling i ein del land. I Polen har det nasjonalkonservative regjeringspartiet utpeika LHBT+personar som farlege for landet. 1/3-del av Polen er no erklært LHBT+frie sonar av lokale styresmakter basert på ei doktrine programfesta av regjeringspartiet.

Ungarns kvasidemokratiske og autoritære leiar, Victor Orban, har lenge motarbeida rettar for LHBT+personar. I ly av koronakrisa har regjeringa hans fremma lovframlegg som med eit pennestrøk fjernar transpersonar sine rettar og deira høve til å skifte kjønn juridisk. Det Ungarn gjer er å seie at ein utsett minoritet ikkje skal ha nokre rettar, og ikkje skal kunne bli sett i Ungarn.

Også i Slovakia og Romania har vi sett ei svært negativ utvikling med openberr hatretorikk mot etniske og seksuelle minoritetar. Her er det venstreorienterte regjeringar som har brukt retorikken for å ta fokus bort frå eige vanstyre. Slovakia fekk nyleg ny regjering, og det blir spennande å sjå om det fører til at situasjonen blir betre.

Summen av dei fire landa fortel oss likevel at hatretorikk og ekskludering av etniske og seksuelle minoritetar kan oppstå både på den ekstreme høgre- og venstresida. Derfor er det så viktig at vi står saman i kampen for universelle menneskerettar.

EU har gjennom traktatfesting av universelle menneskerettar vore ein berebjelke i arbeidet mot diskriminering. Gjennom oppstart av den indre marknaden har fleire kunne ta med seg rettar frå eit land til eit anna. Til dømes er det EU som har sikra at ekteskap, også samkjønna, inngått i eit EU-land skal gjelde i alle EU-land. Det sikrar at ein rumensk mann som har gifta seg i Frankfurt kan ta med seg sin ektemann heim med juridisk vern som ektefelle.

EU har også reiskapar for å gripe inn mot land som ikkje lev opp til traktatfesta krav. Ein slik prosess er innleia mot Polen, men det er lange og kompliserte prosessar, og nokre krev at ein er samrøystes. Ein annan moglegheit er å halde tilbake budsjettmidlar, noko som kan skje på bestemte vilkår av EU-Parlamentet. Saman med LHBT+ nettverk elles i Europa sine liberalkonservative parti, har vi stilt krav om at det skal skje mot både Polen og Ungarn.

Noreg sit ikkje ved bordet når lovar blir vedtekne og sanksjonar blir sett i verk mot land som bryt med våre felles europeiske verdiar. Likevel gjer vi viktige bidrag gjennom EØS-avtala. For noverande programperiode (2014–2021) mottek 15 land til saman 2,8 mrd. Euro, om lag 30 milliardar kroner. Midlane blir gjevne til utviklingsprogram innan 5 område, kor kultur, sivilt samfunn, godt styresett og grunnleggjande rettar er eit hovudområde.

I førre programperiode (2009–2014) vart 3,4 mrd. Euro fordelt på 75 prosjekt i 7 land knytt til arbeid for og med LHBT+. Hovudfokus var informasjon og kunnskapsbygging, arbeid mot hatkriminalitet og lågterskel helsetilbod for LHBT+ og familiane. Støtta går ofte til frivillige, ikkje-statlege organisasjonar.

Utanriksdepartementet gjer ein stor jobb med å sikre at midlar på dette området blir vidareført og i inneverande programperiode. Fleire land har sett seg i mot dette, mellom anna Ungarn og Polen. Konsekvensen har vore at Noreg ventar med å skrive under avtalar og dermed utbetaling av EØS-støtta til ein har fått gjennom også støtte til arbeid mot diskriminering av minoritetar og LHBT+ gjennom ikkje-statlege organisasjonar.

Mellom dei mørke skyene, skal vi ikkje gløyme at det framleis skjer steg i rett retning. Tyskland fekk samkjønna ekteskap rett før førre val. Austerrike, med ein konservativ kanslar i spissen, følgde etter i 2019. Luxemburg og Belgia har gjort fleire juridiske forbetringar dei seinaste åra. I år utvidar og forsterkar Noreg endeleg vernet mot hatvald.

Det er gledeleg, men må ikkje føre til at vi lukkar auga for den urett som ikkje råkar oss sjølve.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags