«Vi alene være istand til at bedømme»

FORSTÅR: Erik Solheim slår tilbake mot Førdepakken. Kanskje er det Førdepakken, politikarar og Vegvesenet som ikkje forstår.

FORSTÅR: Erik Solheim slår tilbake mot Førdepakken. Kanskje er det Førdepakken, politikarar og Vegvesenet som ikkje forstår. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Så er diagnosen klar. Vi som har hatt innvendingar mot delar av Førde-pakken, har ikkje forstått kva pakken går ut på. No skal kommunen, Statens vegvesen og fylkeskommunen setje i hop eit triumvirat som skal fortelje folket – «den vanlege borgar» – kva som er sant og rett i denne omstridde saka.

I 1835 svarde kongen i Danmark, Frederik 6., på eit brev professorar, embetsmenn og andre borgarar i København, 500–600 i talet, hadde sendt kongen med oppmoding om ikkje å stramme inn prentefridommen i landet. Frederik svarde sine undersåttar med ord som kunne høve einevaldskongen: «Vi alene være istand til at bedømme hvad der er begges (folket og staten) sande Gavn og Bedste.» Då var det 21 år sidan riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok i Grunnlova at trykkjefridom skal det vere, men altså i eit anna land enn det som danskekongen styrde.

Førdepakken skal bli betre på kommunikasjon

Førde-pakken handlar ikkje om å snevre inn den formelle retten til å seie si meining. Men politikarar i kommunen og fylkeskommunen – og byråkratar i vegvesenet – kjenner seg altså plaga av det finst slike som er så lauslynte at dei denne retten i bruk. Dei vert mismodige når det kjem innvendingar etter at kanselliet har gjort sine vedtak, altså når det for første gong kjem ut kva dei har hatt i tankane. Dei er vonbrotne når folk ikkje har fått med seg at dei fakta som Vegvesenet har valt ut, er det einaste som skal telje i saka. Vesenet åleine er «istand til at bedømme». Vi har jamvel misforstått den heilage oppgåva som Førde-pakken skal løyse.

Politikarar får tillit gjennom val. Så er det opp til dei valde å gjere seg tilliten verdig. Dei som no vil opplyse folket om den rette læra, minner om partileiarar når meiningsmålingane går nedover. Forklaringa er ofte at dei har ikkje nådd ut med den politikken partiet har. Ei alternativ tolking er at det er nettopp det dei har gjort, nådd ut med ein politikk som færre vil ha.

Informasjonsrådgjevarar kan nok ikkje gje Førde-pakken nokon forsonande glans. Slike fullstuderte røvarar gjer som regel situasjonen verre når dei prøver å pakke vekk realitetane i gjennomsiktige ord. Trafikkplanen hissa neppe opp mange så lenge ingen kunne vite konkret kva bompengane skulle gå til. Etterpå vart det tydeleg at pakken vil gje sentrum meir av det folk vil ha mindre av – meir biltrafikk i alle eksisterande gater og nye vegar, og mindre plass til folk.

Protestane kom fordi andre omsyn enn framkomst for bilar – og så nokre sykkelvegar – slapp ikkje inn i Førde-pakken. Og fordi dei styrande, utan grunngjeving, konsekvent har avvist alle saklege forslag til endringar. Planen er ein reint teknokratisk konstruksjon, med høgst usikre prognosar som grunnmur, ikkje eit demokratisk svar på folkeviljen. Difor gjekk det gale.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags