DEBATT: Utan dagbrot, sjødeponi eller landdeponi. Er det mogleg?!

VEVRING: – AMR hevdar altså å ha ein plan med god lønsemd basert på granat åleine, og det utan verken land- eller fjorddeponi. Korleis er det mogleg? Eg vil forklare ved å svare på ein del av dei vanlegaste spørsmål, skriv Stian Thingnes.

VEVRING: – AMR hevdar altså å ha ein plan med god lønsemd basert på granat åleine, og det utan verken land- eller fjorddeponi. Korleis er det mogleg? Eg vil forklare ved å svare på ein del av dei vanlegaste spørsmål, skriv Stian Thingnes. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Både kommunen min og fylket mitt veks, begge skal skifte namn, og politiske parti i dei ulike fylka går saman under ei fane kalla Vestland. Dei jobbar med å finne felles plattformer – også i miljøsaker som gruveprosjekta i Førdefjorden.

I lokalsamfunnet i det nye Sunnfjord (frå 2020) har det dukka opp mange spørsmål om det nye gruveselskapet i Engebøfjellet, Arctic Mineral Resources AS (AMR), etablert saman med lokale grunneigarar i Vevring, samt korleis AMR kan unngå land- og sjødeponi i sitt gruveprosjekt. Som miljømedveten grunneigar, medeigar og styremedlem i AMR ønskjer eg å nå ut til gamle og nye samfylkingar med ei formidling av saka i enkle termar.

AMR hevdar altså å ha ein plan med god lønsemd basert på granat åleine, og det utan verken land- eller fjorddeponi. Korleis er det mogleg? Eg vil forklare ved å svare på ein del av dei vanlegaste spørsmåla.

Granat har stor verdi. AMR starta med å finne ut kor mykje og kva slags kornstørrelsar og kvalitetar som er mogleg å selje. Startar ein med eit årleg uttak på 1,5 millionar tonn fjell er det ikkje lett å selje all granaten, sjølv om man berre produserer «godbitane». Reduserast volumet til 0,5 megatonn årleg kan ein produsere og nytte alt – og samstundes skape ei meir langsiktig gruveverksemd. I tillegg kan større delar av fjellet drivast lønsamt ved å nytte fjell med lite rutil, men mykje granat, og såleis produsere rutil som aldri elles ville blitt nytta.

Skal ein unngå deponi må ein nytte underjordsdrift frå dag ein. På AMRs eigedom er det ikkje naturleg med ope dagbrot. I tillegg gjer det andre førdelar. Det skjermar arealet rundt for innsyn, og gjer god kontroll på støv, støy og uønskte utslepp. Det visuelle inngrepet vil vere eit lite landfeste ved fjorden og fire mindre hol i fjellet. Når vi sel større del av fjellet, tener vi meir pengar og får mindre avfall. Slik kan vi nytte tilbakefylling i allereie ferdige gruverom supplert med nokre ekstra fjellhallar i gråberg.

Er det ikkje slik at malt masse utgjer større volum enn fjellet man tek ut, trass i at ein nyttar granat og rutil? Det stemmer. AMR må bryte ut nokre ekstra rom i fjellet for å få nok haller til å samle restminerala. Dei ekstra romma vert bryte i fjell som best nyttast som byggeråstoff og ballastmaterial. Vi sel disse til ein pris som gjer den lønsam for nokon andre og vert ein ressurs. Norsk eksport av fjell som byggeråstoff har vorte dobla dei siste 10–15 åra.

Korleis løyser de drifta fram til dykk har ferdige gruverom til lagring av restmineral? Dei første tre åra vil restminerala nyttast som byggeråstoff av entreprenørar med erfaring frå utvikling av sjønære industriareal. AMR gjer dermed som Miljødirektoratet føreskriv – maksimal tilbakefylling og alternativ nyttegjering av restmineral – berre i omvendt rekkjefølga dei første åra.

Er det slik at AMR ikkje skal nytte rutil? AMR vil levere rutilkonsentrat til dei som har rett til denne for ein forholds messig del av brytingskost. Dette er ei vinn-vinn løysing.

Kvifor kallar du det restmineral og ikkje gruveavfall?For ei tid tilbake var berre 3–4 prosent av fjellet regna som ressurs medan resten var avfall. No er kanskje 40-45% regna som ressurs. I tida framover vil nok fleire ikkje-fornybare ressursar bli attraktive. I fjellet er det mykje pyroksen, som kan vere mogleg å nytte i framtida. Det finst sjeldne jordartsmineral som scandium og yttrium, men i litt for små konsentrasjonar til at det gir lønsemd å produsere i dag. Difor er det naturleg å lagre slike mineral i gruverom til seinare bruk slik at det kan seljast når det er lønsamt å ta det att.

Difor restmineral og ikkje gruveavfall. Framtidas gruve bør ikkje ha avfall.

Vil AMR bruke lokale entreprenørar?Både òg. Ein del av prosessane ved tunneldrift må utførast av firma med lang erfaring og spesialkompetanse på dette område, medan det vil vere rom for lokale entreprenørar til andre delar. Produksjon av mineral krev og spesialkompetanse som enno ikkje finst lokalt.

Er det nokon fordel ut over den udiskutable miljøgevinsten å lagre restmineral i fjell?For at det skal vere rekningssvarande å nytte restmineralane til eksempel tildekking av ureina havbotn må det lagrast på ein måte som gjer at store mengder kan lastas ut raskt. Som Miljødirektoratet skriv i ein rapport nyleg vil det ikkje vere lønsemd i å heve restmineral frå fjordbotn ved Engebø for å dekke ureina botn andre stader.

Vert ikkje gruveverksemda forsinka om AMR sitt alternativ skal nyttast? Område vart regulert for mineralutvinning på 90-talet. AMR treng ikkje deponi. AMR arbeider saman med dei beste til dei ulike prosessane i planen og utbygginga er meir kompakt med fleire parallelle prosessar. Difor er vi ikkje så langt unna drift som ein skulle tru.

Er det slik at de ikkje har søkt Direktoratet for mineralforvaltning om konsesjon til drift enda, og eit anna firma har? Det er riktig. Vi har ikkje søkt direktoratet om driftskonsesjon enno, men vil halde dei orientert fram til søknaden er klar. Det er også riktig at eit anna firma har søkt driftskonsesjon i same fjell, men eg ikkje fått lese denne søknaden enda og er usikker på kva del av fjellet dei søker på. Om dei søker på deler der AMR har rett på undersøking og drift regner eg med vi får lese den snart.

Det er allereie politisk interesse for å starte framtidas gruvedrift ... Eg synest framtida bør starte no!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags