Sviket

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Ein ny stor vestlandsregion er under oppsegling. Fylkesordførarane i dei tre vestlandsfylka har forhandla fram ein intensjonsavtale. 

Etter mandat frå kven? Ikkje innbyggarane på Vestlandet i alle fall, for vi har ikkje hatt høve til å ta stilling til reforma i noko val som eg kan hugse i alle fall.

Er det slik at i effektivitetens namn må alle demokratiske grunnreglar falle?

Pressa - som knapt greier å presse avisene ut til abonnentane gjennom den totalt nyfødde superkommersielle posten-erstatningen Kvikkas (vi har forstått at namnet er meint morsomt) - pressa har trass mange hindringar greidd å formidle til oss at eit fleirtal av folket - og særleg dei unge - er imot heile samanslåinga. Og særleg viss ikkje nynorsk blir administrasjonsspråk. Etter dei siste politiske signala ser det ut til at dette ikkje betyr noke som helst for Ap, Høgre, Venstre, Krf og Frp. Eg vil minne desse partia på at det er relativt kort tid sidan vi feira 250 års jubileum for Sogn og Fjordane som sjølvstendig region. Den feira dei alle med stor entusiasme og patriotisme. Sogn og Fjordane sin identitet heng faktisk sterkt saman med nynorsk skriftspråk. Er det slik at fylkestinget på denne måten er villige til å selje denne identiteten for ein rett linser, så er det berre eitt ord som er brukbart - og vi bør alle merke oss dei partia som går inn for dette. 

Ordet heiter svik.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags