Svaret er Vestland, men kva var spørsmålet?

URO: Vi er uroa for at det ikkje vil verte prioritert pengar til skulane våre, skriv artikkelforfattarane. Ein av dei er Emma Berge Ness (bildet)

URO: Vi er uroa for at det ikkje vil verte prioritert pengar til skulane våre, skriv artikkelforfattarane. Ein av dei er Emma Berge Ness (bildet) Foto:

Av
DEL

LesarbrevFrå 1. januar 2020 skal Sogn og Fjordane og Hordaland bli til Vestland. Etter den dagen skal alt bli so mykje betre for oss alle, hevdar enkelte kloke hovud. Vårt Sogn og Fjordane – Trivselsfylket og Framtidsfylket – vert naturlegvis betre dersom vi fjernar vår fylkesgrense mot Hordaland.

Forstå det den som kan, men nokre forsøker å skape ei forventing om at det er slik det fungerer. At det vil verte betre i Sogn og Fjordane dersom det vert ein del av Vestland. Kvifor eller korleis er det riktig nok dei færraste som veit. Det heile er i ferd med å bli som ein parodi på den gamle julesongen – ingen veit kva det blir til slutt, men at det er ein nyttig ting kan ingen komme frå!

Dette er ikkje ei endring som folket i Sogn og Fjordane har etterspurt. Det er faktisk ikkje ein gong noko folket har blitt spurt om. Difor er det viktig at vi fortel kva vi meiner.

I haust hadde vi gleda av å reise rundt og gå debattar på fylkets vidaregåande skular. Av ungdommane vi snakka med, var det ei felles uro som gjekk igjen. Det var ikkje fråværsgrensa. Den store uroa, var kva som vil skje med oss i det nye storfylket.
Eit fylke kor sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar vil utgjere 17 prosent av innbyggarane. Det er ingenting tvil om kor kjøtvekta vil ligge. Og som historia gong på gong har vist oss, så er det kjøtvekta som rår. Sjølvsagt er vi uroa.

Vi er uroa for at det ikkje vil verte prioritert pengar til skulane våre. Arbeidsplassar som vert sentralisert vekk, og bygdesamfunn som vert fråflytta. Vi er uroa for at vi har ei regjering som tilsynelatande vil sentralisere alt som sentraliserast kan.

Heldigvis er det lys i enden av tunnelen. Det ligg an til å bli regjeringsskifte i 2021. Då gjeld det å reversere samanslåinga, før det er for seint. Vårt Sogn og Fjordane er enno eit framtidsfylke. Vi treng eit folkeopprør for Sogn og Fjordane, og vi treng det no!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags