Næringsfylket Vestland

NÆRING: Arve Helle, 2.-kandidat for Vestland Ap, skriv her om moglegheitene han ser for det nye fylket.

NÆRING: Arve Helle, 2.-kandidat for Vestland Ap, skriv her om moglegheitene han ser for det nye fylket. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNye Vestland har eit kunnskapsrikt og nyskapande næringsliv, der landbruk, reiseliv, fiske, verftsindustri, olje og gass, prosessindustri og fornybar energi står sentralt.

Eg har dei siste månadane reist rundt i Vestland og blitt imponert over næringslivet i det nye fylket. Både gründerånd, innovasjon og omstillingsevne er heilt i verdstoppen. Eg kan nemne fiske og oppdrett på Bømlo, verftsindustri på Stord og i Hyllestad, mekanisk industri i Odda og på Osterøy og IT-miljøet i mi eiga heimbygd, Dale i Sunnfjord. Dette er berre nokre få døme frå vårt fantastiske fylke.

IT-verksemda Avans kan stå som eit strålande symbol på moglegheitene i Vestland. Dei har hovudkontor i Dale i Sunnfjord og avdelingskontor i Bergen. Leiinga er lokalt forankra og Rieber-familien i Bergen er inne på eigarsida. Dette viser korleis vi kan ta heile Vestland i bruk til glede for både bygd og by.

Næringslivet vårt må ha føreseielege rammer og vilkår som sikrar eksisterande arbeidsplassar og skapar nye. Fylket vårt skal vere leiande på forsking og velje grøn teknologi for å nå klimamål og skape nye næringar. Vestland har ressursane, kompetansen og menneska som skal til for å skape verdiar for framtida. Fylket er bygd opp av industri og næring frå dei sterke naturkreftene. Vi veit korleis vi skal omstille oss, det har vi lang erfaring frå med skiftande vêr, vill natur og harde kår.

Arbeidarpartiet skal føre ein politikk som kuttar i klimagassutslepp og skapar nye og grønare arbeidsplassar der ein omstiller landet vårt til et lågutsleppssamfunn. Vi er eit av dei største fylka på produksjon av fornybar energi, og vi må satse vidare på fornybare energikjelder. Billeg straum frå vasskraft, ny miljøvennleg teknologi og dyktige fagarbeidarar er ein føresetnad for næringslivet i fylket vårt.

Vestland AP vil etablere eit tett samarbeid mellom forskings- og utviklingsmiljø for klimavennleg sjøtransport og reiselivsnæring for å legge grunnlaget for eit grønt skifte for det vestnorske reiselivet, og for å bygge oppunder framtidig næringsutvikling. Arbeidarpartiet vil at det nye fylket skal ta ei leiande rolle som samfunnsutviklar. Å skape sterke næringsmiljø er viktig for å utvikle heile fylket og ta ut det store potensialet vi har både i eksisterande og nye næringar.

Ein styrka fylkeskommune som rår over fleire verktøy vil vere betre i stand til å vere ein aktiv medspelar i utviklinga av eit næringsliv som er i rask endring. Eg gler meg til å vere med å utvikle næringsfylket Vestland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags