Ikkje del opp att Vestland

Sjølv om eg var heilt imot denne reforma og eigentlig ikkje kan sjå noko fordeler med samanslåing av fleire fylke og større einingar så er eg imot å reversere samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland no, skriv artikelforfattaren. På bildet fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp).

Sjølv om eg var heilt imot denne reforma og eigentlig ikkje kan sjå noko fordeler med samanslåing av fleire fylke og større einingar så er eg imot å reversere samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland no, skriv artikelforfattaren. På bildet fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp).

Av
DEL

LesarbrevI opphausa glede over eit svært godt val så ynskjer den raud-grøne sida med SP i spissen å reversere samanstilling av både fylke og kommunar. Det er absolutt forståelig.

Sjølv om eg var heilt imot denne reforma og eigentlig ikkje kan sjå noko fordeler med samanslåing av fleire fylke og større einingar så er eg imot å reversere samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland no.

Eg meiner at dette er resultatet av svært mykje arbeid av seriøse politikarar som meinte at dette var ei god løysing. Sjølv om eg meiner at det var feil, så er eg ikkje sikker på det, og Vestland kan på sikt kome til å bli ei brukbar løysing, sjølv om vi som sit ute i periferien heilt sikkert vil tape på reforma.

Det er vi som har valgt desse politikarane som har gjennomført reforma og då må vi tåle at dei gjer ting som vi ikkje er samde i, og heller velje andre folk ved neste val, det er slik det fungerer.

Men når det gjeld Viken-fylket så meiner eg at den samanslåinga der ikkje har noko mål eller meining og at ein har skapt eit heilt tøvete fylke utan noko fornuftig geografisk avgrensing. Frå Halden til Hardangervidda skal vere Stor-Oslo liksom? Dette bør faktisk omgjerast så fort som mogeleg, dette er totalt skivebom, og kompromiss på kompromiss.

Når det gjeld den største saka, samanslåing av Troms og Finnmark så er det berre trist. Nordlendingane vil overleve som dei alltid gjer, men her har ein skapt ein region – ikkje eit fylke, med avstandar som er enorme; Frå Harstad i vest til Vardø i aust er det 1070 km! Køyrer du 1070 km nordover frå Oslo er du komt over Saltfjellet og på veg ned Saltdal mot Rognan og Bodø.
Eller om du køyrer frå Bergen til Stockholm så har du framleis berre køyrt 990 km.
Og kva er fordelen? Jau, ein sparer vel nokre kroner i administrasjon som går ut att auka reiseutgifter. Ein lagar ikkje eit fylke, ein danner ein region, større enn mange land i Europa.

Når det gjeld kommunar så meiner eg at dei har såpass sjølvstyre at dei sjølve har makt til å eventuelt løyse opp at feilslåtte samanslåingar, det er greitt å prøve, og samarbeid over dagens kommunegrenser er i alle fall både nyttig og nødvendig. Men innsparing?

No har vi fått fasiten i regjeringa sitt budsjett, dei samanslåtte kommunane får mindre, og blir totalt sett svakare demokratisk med større avstandar til folk.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags