KrF har trua på Vestland!

FOR VESTLAND: – Sjølv om det heilt sikkert vil vere både humpar på vegen og skjer i sjøen går ikkje KrF til val i Vestland for å reversere samanslåinga, skriv Frode Kleppe Holgersen i dette lesarbrevet. Her med 1. kandidat Trude Brosvik.

FOR VESTLAND: – Sjølv om det heilt sikkert vil vere både humpar på vegen og skjer i sjøen går ikkje KrF til val i Vestland for å reversere samanslåinga, skriv Frode Kleppe Holgersen i dette lesarbrevet. Her med 1. kandidat Trude Brosvik. Foto:

Av
DEL

MeiningarDet er sagt og skrive mykje om det nye storfylket i vest, Vestland. Om namnet, kraftpengar, inntektssystemet, spenninga mellom by og distrikt og sjølve kommunereforma. I KrF har det og vore ulike meiningar om samanslåinga, men etter at Stortinget gjorde sitt vedtak står vi saman for å gjere Vestland til ei suksesshistorie i vest.

KrF har trua på Vestland! Eit fylke med gode lokalsamfunn i vekst og eit variert næringsliv. Eit fylke der vi ikkje skal dyrke konfliktane, men der vi saman skal dyrke distrikta, tettstadene og storbyen Bergen. Der vi saman skal kjempe for fylket sine inntekter, og der vi saman skal kjempe for fleire og større oppgåver. Berre slik kan regionreforma gje oss eit sterkare lokaldemokrati.

I det nye fylket skal vi satse på ungdommane. KrF vil ikkje endre skulestrukturen i denne perioden, og vi vil at flest mogeleg av dei som ønsker det kan bu heime. Og i tider med endring vil KrF at skulen skal bygge på dei kristne og humanistiske verdiane. I skuletimane skal undervisninga vere tilpassa kvar enkelt, mens tilbodet skal dimensjonerast ut frå kva elevane ønsker og kva kompetanse næringslivet spør etter.

I Vestland får vi eit næringsliv prega av mangfald, og vi vil legge til rette for at bedriftene kan utvikle seg vidare i sine lokalsamfunn. Vi vil utvikle ein felles næringsplan for det nye fylket, og vere ein pådrivar for å flytte ut statlege arbeidsplassar. KrF verdset dei bedriftene som har høg etisk standard og tek samfunnsansvar. Vi forventar at bedriftene i Vestland tek ansvar ut over det som er står i lova, ansvar for arbeidstakarar, innbyggarar og miljø.

I eit berekraftig Vestland er det store avstandar. God kommunikasjon og gode samanbindingsvegar ein føresetnad for å lukkast i det nye fylket. På same tid som KrF vil kjempe for statleg finansiering av bybanen i Bergen, vil vi òg kjempe for auka statlege løyvingar til rassikring og prioritere dette av eigne midlar. Allereie vedtekne prioriteringslister skal leggast til grunn og samordnast i det nye fylket. Vi startar ikkje med blanke ark, vi bygger vidare på det fundamentet som er lagt når det gjeld samferdsle i dei to fylka.

Og sjølv om det heilt sikkert vil vere både humpar på vegen og skjer i sjøen går ikkje KrF til val i Vestland for å reversere samanslåinga. Tvert i mot. KrF går til val for å gjere Vestland til det beste og sterkaste av dei 11 fylka vi har frå 2020 – eit nasjonalt tyngdepunkt. Eit Vestland vi kan vere stolte av!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags