Vestland må ha friske midlar, langt meir enn lommerusk

GOD START: Arve Helle meiner Vestland har fått ein god start, men at båt- og ferjefylket Vestland må krevje handling frp regjeringa for satsing på grønt skifte.

GOD START: Arve Helle meiner Vestland har fått ein god start, men at båt- og ferjefylket Vestland må krevje handling frp regjeringa for satsing på grønt skifte. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Denne veka vart det aller første budsjettet for Vestland vedteke av fylkestinget, eller Vestlandstinget som Firda kallar det.

Ut frå føresetnadane så har prosessen med budsjettet gått betre enn ein kunne frykte. Fleirtalskoalisjonen med Ap, Sp, SV, MDG, KrF og V har fått på plass viktige satsingar på fleire område trass i ein utfordrande økonomisk situasjon.

Spesielt er eg glad for at vi i så stor grad har greidd å skjerme skulesektoren frå kutt, i tillegg til at vi har funne rom for viktige satsingar som skulefrukost og skulepsykologar.

Vi føreset vidare at ordninga med miljøkoordinatorar på skulane i Sogn og Fjordane, som har vore ein stor suksess, og liknande tiltak på skulane i Hordaland vert vidareført.

Vi meiner alt ligg til rette for at vi skal ha landets beste vidaregåande skule i Vestland, slik vi har hatt det i Sogn og Fjordane.

Samarbeidspartia har også prioritert kultur høgt i budsjettet. Det betyr auka satsing på viktige institusjonar som Opera Nordfjord, Sogn og Fjordane Teater, Jakob Sande-senteret, Bokbyen i Fjærland, samt Teaterfestivalen og Preform-prosjektet i Fjaler. Det er også oppretta ein ny budsjettpost med tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar i heile Vestland.

Det er ingen grunn til å legge skjul på at vi har utfordringar i åra som kjem. Spesielt er det ein faktor som skapar stor uvisse om dei økonomiske utsiktene og den finn vi på sjøen. Dette er ei skjebne vi deler med fleire andre fylke, og eg registrerer at uroa for ei svekking av ferje- og båttilbodet som folk langs kysten kjenner på no har nådd heilt inn til Akersgata, jf. politisk kommentator i VG, Tone Sofie Aglen, sin kommentar sist veke. Det seier ein del, for det er ikkje kvar dag distrikta sine utfordringar når heilt inn der.

I båt- og ferjefylket Vestland har eit breitt politisk fleirtal gått i front for det grøne skiftet. Dette handlar sjølvsagt primært om miljø, men også i aller høgste grad om teknologiutvikling. Her har Vestland ein leverandørindustri som er verdsleiande og som står klare med gode og framtidsretta løysingar.

Dette pionerarbeidet har så langt ikkje lønt seg, snarare tvert imot. Frå statleg hald har det hittil vore meir honnørord enn friske pengar. Det kom rett nok positive signal denne veka, men det må berre vere starten.

Vi veit at ferjeanbodet i Hordaland har kosta – rett nok av fleire årsaker enn overgangen til nullutslepp – og vi veit at overgangen til utsleppsfrie snøggbåtar kjem til å koste.

Vi treng meir enn fagre ord frå staten. Vi må ha friske midlar og langt meir enn lommerusk. Det kan ikkje vere slik at vi blir straffa for å gå i front – ikkje berre i her i landet, men faktisk på verdsbasis.

No krev vi handling frå regjering og storting. Her må vi følge opp tverrpolitisk, men spesielt kviler det eit ansvar på regjeringspartia sine representantar.

Dette blir ein test på om ein meiner alvor med regionreforma. Skal den blir meir enn fagre ord, så må den følgast opp med friske midlar i tillegg til nye oppgåver.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags