Verda har blitt farlegare

ATOMVÅPEN: Norsk Folkehjelp Sunnfjord vil at alle menneske skal få leve i ei verd fri for atomvåpen. Bildet viser oversikt over land som offisielt har atomvåpen pr i dag.

ATOMVÅPEN: Norsk Folkehjelp Sunnfjord vil at alle menneske skal få leve i ei verd fri for atomvåpen. Bildet viser oversikt over land som offisielt har atomvåpen pr i dag. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Årsmøtet i Norsk Folkehjelp Sunnfjord 2020 støttar FN-traktaten som forbyr atomvåpen, og oppmodar den norske regjeringa om å skrive under avtalen.

I juli 2017 vedtok FNs generalforsamling ein avtale som forbyr statar å utvikle, prøvesprenge, produsere og skaffe atomvåpen. Avtalen vil tre i kraft 90 dagar etter at 50 land har ratifisert den. Det er 34 land som har skrive under avtalen til no (24.01.20). Noreg har ikkje gjort det.

Noreg var eitt av om lag 40 land som ikkje deltok i forhandlingane. Sverige, som einaste nordiske land, røysta for forbodet, saman med 121 andre. Grunngjevinga til den norske regjeringa for ikkje å skrive under avtalen er at styresmaktene meiner at den ikkje vil skape framgang då den ikkje vert støtta av nokon av dei landa som har atomvåpen. Det er også uaktuelt for Noreg å støtte eit forslag i FN som svekker NATO som forsvarsallianse.

Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) tok imot Nobels fredspris i 2017, mellom anna for arbeidet med denne avtalen.

Årsmøtet i Norsk Folkehjelp Sunnfjord er djupt uroa over den alvorlege truselen som atomvåpen utgjer. Då amerikanare slapp atombomba over Hiroshima i 1945, drap den 140 000 menneske. Tre dagar seinare eksploderte ei plutoniumsbombe over Nagasaki, og 74 000 menneske døydde innan utgangen av året. I dag er det fleire land som har atomvåpen, og det er såleis mykje større sjanse for at dette våpenet blir brukt. Det kan skje ved eit uhell, men det kan også skje bevisst.

Norsk Folkehjelp Sunnfjord vil at alle menneske skal få leve i ei verd fri for atomvåpen. Det er eit grufullt våpen som betyr katastrofe for menneske, dyr, samfunn og miljø i lang tid framover om det blir brukt.

Årsmøtet krev at den norske regjeringa ratifiserer avtalen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags