Ikkje ligg vaken om natta, Firda: Venstre leverer

Atle Hamar, ordførarkandidat, Gunn Merete Paulsen, andrekandidat, Åge Avedal, tredjekandidat, Elisabet Kjerstad Bøe, fjerdekandidat, Elias Slåtten, femtekandidat og ungdomskandidat

Atle Hamar, ordførarkandidat, Gunn Merete Paulsen, andrekandidat, Åge Avedal, tredjekandidat, Elisabet Kjerstad Bøe, fjerdekandidat, Elias Slåtten, femtekandidat og ungdomskandidat Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er ei herleg kjensle å vakne opp kvar dag og tenkje «Kva kan Venstre gjere for folk og land i dag?». Slik har vi Venstre-folk det. Slik har truleg redaktøren i Firda det òg, om ein skal dømme utifrå den strie straumen av leiarartiklar med Venstre som tema som kjem frå avishuset i Førde.

Vi er glade for Firda si sterke interesse for Venstre. Og det er heilt på sin plass – fordi Venstre med vår posisjon i sentrum av norsk politikk har betydeleg større påverknad enn partiet sin storleik isolert sett skulle tilseie.

Og vi kan også gle Firda med følgjande: De treng ikkje ligge vaken om natta og frykte at Venstre ikkje får gjennomslag for det vi brenn for. Det gjer vi – også i saker som er viktige for Sogn og Fjordane.

Venstre har vore sentrale i arbeidet med utflytting av statlege arbeidsplassar, som mellom anna har ført til etablering av Fredskorpset (Norec) i Førde. Vi har vore ein pådrivar nasjonalt for kommunereforma, som har ført til etablering av nye Sunnfjord kommune, noko Firda sjølv har påpeikt er viktig for vidare utvikling av regionen.

Venstre har også vore den drivande krafta bak den grøne omstillinga av næringslivet og samferdslesektoren nasjonalt, som no mellom anna gjer at det maritime næringslivet i Sogn og Fjordane blømer som aldri før, med bedrifter som Fjord1, Multi Maritime og Brødrene Aa som framståande døme.

Vi er også stolte over å ha fått til ein raus og god politikk for å ta imot menneske på flukt, seinast ved at talet på kvoteflyktningar vart auka til 3000 per år frå og med 2018 – og fleire enn før no blir busette i distrikts-Noreg. Venstre har også sikra ei stor satsing på nynorsk språk, der mellom anna planane om Nynorskhuset i Førde vil bli viktig både for nye Vestland fylke og i nasjonal politikk.

Lista kunne ha vore laga mykje lenger. Poenget er at det Venstre går inn for, det er ikkje berre symbolpolitikk. Det er politikk som svært ofte blir gjennomført, fordi sentrumspartiet Venstre er med å vippe makta i norsk politikk. Vi vinn sjølvsagt ikkje alle saker – særleg ikkje der «storalliansen» Høgre, Ap og Frp i samla flokk er usamde med oss – men vi har langt større påverknadskraft enn storleiken skulle tilseie.

Når Venstre på landsmøtet no har blinka ut ein endå meir offensiv distriktspolitikk som eit satsingsområde – mellom anna med auka tempo i utbygginga av E39 med gul stripe gjennom heile Sogn og Fjordane – så er dette viktig for Sogn og Fjordane og Noreg.

Og skal Venstre få endå meir gjennomslag, slik Firda uroar seg for at vi enno får for lite av, så er det berre éi løysing på det: Eit endå større Venstre. Det kan veljarane gjere noko med i september, både i nye Sunnfjord kommune og elles på Vestlandet.

Så vi takkar Firda for omtanken – vi ser fram til at avisa følgjer oss tett vidare også, med same spørsmål som oss fremst i pannebrasken: «Kva kan Venstre gjere for folk og land i dag?».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags