Ja, vi treng Venstre i norsk politikk

Anne-Mette Hjelle, Sveinung Rotevatn og Gunhid Berge Stang, Sogn og Fjordane Venstre

Anne-Mette Hjelle, Sveinung Rotevatn og Gunhid Berge Stang, Sogn og Fjordane Venstre

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarFirda spør på leiarplass 23. mai om det er plass til Venstre i norsk politikk. Svaret vårt er; ja, det har aldri vore meir behov for Venstre enn no!

Venstre er det liberale og sosiale partiet som trur på eit samfunn der vi set mennesket først og tek ansvar for kvarandre og miljøet. Venstre har ei nøkkelrolle i norsk politikk. Vi har løfta fram skule, arbeidsplassar og miljø i statsbudsjetta dei siste fire åra, og utan oss i samarbeidsposisjon på Stortinget hadde vi ikkje hatt ei historisk satsing på rassikring og breiband, gode rammevilkår for nynorsken og ei landbruksmelding som slår fast at det framleis skal vere bønder over heile landet.

I Sogn og Fjordane og landet elles går vi no til val på først og fremst tre hovudsaker:

1. Gode skular og barnehagar

Borna våre er framtida, og det er gjennom kunnskap vi skal bygge samfunnet vidare. Venstre vil halde fram med å styrke og løfte læraren gjennom satsing på vidare- og etterutdanning. Dei siste fire åra har vi fått med oss KrF og regjeringa på ei tredobling av støtta til dette, slik at alle dei flinke lærarane våre kan bli endå dyktigare fagleg og pedagogisk. Vi vil òg redusere papirarbeidet, slik at lærarane får meir tid i klasserommet.

Venstre vil styrke yrkesfaga og halde fram arbeidet med å løfte studentane. Det var Venstre som kom med forslag om å utvide studiestøtta til 11 månader, og no er vi i gang. Det gjer det lettare å vere heiltidsstudent.

Venstre vil også gjere barnehage og SFO gratis for dei familiane som treng det mest. Dette hjelper mot fattigdom, er med å styrke integreringa og gjer det lettare å lære i skulen. Det var Venstre som fekk regjeringa med på gratis kjernetid i barnehagen for born i familiar som treng det, og 50 000 born er no ein del av denne ordninga. Mange av desse ville ikkje kunne gått i barnehagen utan. I neste Stortingsperiode vil vi utvide ordninga og jobbe for at også SFO blir gratis for dei som treng det.

2. Naturen som ressurs
Venstre har eit sterkt miljøengasjement. Vi har eit ansvar for å ta vare på naturen og klimaet. Ureint hav og global oppvarming er vår tids største utfordringar globalt.

Plast og boss i havet er eit enormt problem. Vi veit at fuglar og fisk døyr på grunn av plast og at andre sjødyr får i seg plast og miljøgifter som kjem inn i kretsløpet og dermed kan skade både dyr og menneske. Venstre har vore pådrivar i Stortinget for midlar til plastrydding og vil framover jobbe for meir til forsking, teknologiutvikling og rydding i fjordane våre og havet.

I dag byggjer vi mykje av velstanden vår på fossil energi. I framtida må vi bygge han på fornybar energi. Om mindre enn 50 år er olje, gass og andre fossile energikjelder erstatta av sol, vind, bølgjer, hydrogen, grunnvarme og fjordvarme. Sogn og Fjordane er fornybarfylket, og det grøne skiftet gir oss enorme moglegheiter til nye arbeidsplassar. Vi må investere for framtidas arbeidsplassar og framtidas velferd framfor å klamre oss til fortidas forureinande energikjelder.

Venstre vil verne sårbare havområde som Lofoten, Vesterålen og Senja mot oljeutvinning, og meiner det er altfor kostbart og risikabelt å starte nye konsesjonsrundar i nord. Utan KrF og Venstre si samarbeidsavtale med regjeringa hadde prøveboringa vore i gang og truleg hadde dei første plattformane vore i drift midt i det blå matfatet. Eit sterkt Venstre på Stortinget vil kjempe med nebb og klør for vern av Lofoten, Vesterålen og Senja også i neste periode!

3. Nye arbeidsplassar og utvikling av distrikta
Vi bur i dag i eit fylke der mykje går bra. Folketalet stig, det blir bygd fleire bustader og arbeidsløysa er lågast i landet. Men som eit typisk distriktsfylke har vi også nokre særlege utfordringar. Og som eit eksportfylke er vi avhengige av god næringspolitikk og internasjonalt samarbeid. Venstre sin politikk ser heile landet, og vi trur at byar og distrikt spelar kvarandre gode.

Venstre vil skape nye arbeidsplassar over heile landet. Det finst ingen andre parti som kan matche Venstre sin næringspolitikk. Vi har saman med regjeringa og KrF lagt grunnlaget for at det skal vere enklare både å starte nye bedrifter og auke talet på tilsette. Ein næringsvenleg skattepolitikk og auka støtte til gründerar har vore viktige bidrag. Venstre vil halde fram dette arbeidet gjennom mellom anna å sikre at gründerar får lik rett som andre arbeidstakarar til sjukeløn og andre velferdsordningar og ved å gje nystarta firma fritak frå arbeidsgjevaravgifta dei første åra. Og ikkje minst vil vi sikre EØS-avtalen, som er viktig for svært mange eksportbedrifter over heile landet.

Venstre har også ein solid landbrukspolitikk, noko som vart slått ettertrykkeleg fast i arbeidet med landbruksmeldinga tidlegare i vår. Vi veit at vi i Noreg får trygg mat frå bønder som set dyrevelferda høgt, og at bøndene våre er omstillingsvillige og ønskjer å satse. Venstre har saman med KrF vore garantisten for at det blir ført ein landbrukspolitikk som tek omsyn til dei små og mellomstore bruka. Det er viktig for distrikta og for at maten skal vere like rein og trygg i framtida som i dag.

Venstre har saman med regjeringa vedtatt å flytte ut mange statlege arbeidsplassar frå Oslo, og fleire kjem i tida framover. Denne satsinga vil garantert stogge opp utan Venstre. Vi har også vore med å støtte opp om regjeringa si kommunereform. Dagens kommuneinndeling vart gjort på 1960-talet. Noreg har endra seg dramatisk sidan den gong, og krava til kommunane blir stadig større. Vi trur at folk vil få betre tenester, at kommunane får høgare kompetansemiljø og at det blir lettare å drive utviklingsarbeid innan både næringsliv og andre område i større kommunar.  

Leiaren i Firda skildrar Venstre si støtte til regjeringa kombinert med kritikk av FrP som ein «politisk spagat som det er vanskeleg å komme seg opp av». Det kan kallast spagat. Vi kallar det nøkkelposisjon som gjer at vi kan samarbeide i begge retningar. Det har Venstre desse gjort desse fire åra, og det har vore nyttig både for Sogn og Fjordane og landet vårt.

Det er ingen tvil om at Venstre og FrP sin politikk er ulik på nokre område. Asyl- og integreringspolitikken og miljøpolitikken er dei områda som skil oss mest. Og det har, slik Firda skriv, vore ein til tider høglydt kritikk – både av FrP frå venstrefolk og omvendt. Dette toppa seg ved siste forhandlingsrunde om statsbudsjettet, hausten 2016.

Det er godt mulig at Venstre hadde tent ovanfor veljarane på å gå meir forsiktig i dørene. Samtidig var avstanden stor, spesielt innan klima- og miljøområdet. Så lenge global oppvarming er den største trusselen mot verda, med potensielt svært negative følgjer, og så lenge Norge har forplikta seg til reduksjon av klimagassutslepp gjennom Paris-avtalen, kunne ikkje Venstre støtte eit budsjett som la opp til at utsleppa ville auke. Då er det gledeleg at klimagassutsleppa i Norge gjekk ned for første gong på fleire tiår i 2016. Dette betyr at vi er på rett veg, og at regjeringa og samarbeidspartia sine forlik har virka.

Venstre har også vore høglydt i kritikken av FrP og spesielt innvandrings- og intergreringsminister Sylvi Listhaug sine utspel i asyl- og innvandringsdebatten. Vi har heller ikkje støtta alle forslaga regjeringa har lagt fram for Stortinget innan dette området. Vi trur Venstre har betre og meir humane løysingar når det gjeld til dømes asylborna og einslege mindreårige. Og vi lever eigentleg godt med å ha krangla med dei som har eit anna syn enn oss på dette.

Firdaleiaren tek også opp regjeringsspørsmålet. Venstre sitt landsmøte var samstemte i at vi vil ha ei blågrøn regjering med Venstre, KrF og Høgre, og at vi søkjer samarbeid på borgarleg side. Dess sterkare Venstre vert på tinget i neste periode, dess større sjanse er det for at nettopp dette skjer. Og når det gjeld vingling i spørsmålet om regjering er det vel ærleg talt ein del andre parti som er mindre tydelege enn Venstre.

Så kjære Firdaredaktør: Takk for at du utfordrar oss!

Både Noreg og Sogn og Fjordane treng eit sterkt Venstre på tinget. Vi er partiet som er på lag med framtida, og vi skal vinne veljarar ved å vise – igjen – at vi er best på skule, best på miljø og best på legge til rette for nye arbeidsplassar.    

Sveinung Rotevatn, førstekandidat Sogn og Fjordane Venstre

Gunhild Berge Stang, andrekandidat Sogn og Fjordane Venstre

Anne-Mette Hjelle, tredjekandidat Sogn og Fjordane Venstre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags