Best i klassen på klimaomstilling

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevVi og verda elles står ovanfor store utfordringar knytt til klima i åra som kjem. Det er derfor viktig at arbeidet med ein felles plan for klimaomstilling for den nye kommunen i Indre Sunnfjord no er i gang.

Gaular, Jølster, Naustdal og Førde vedtek i desse dagar planprogrammet for ein ny interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord frå 2018 til 2030. Skal vi nå måla i Parisavtalen og unngå ei høgare global oppvarming enn 1,5 grader, må vi jobbe hardt, planlegge godt og legge på ein god porsjon med vilje. Samtidig må vi ruste oss for klimaendringar med meir ekstremvêr, flaum, ras og havstiging. Vi må redusere klimagassutsleppa, jobbe for reine vatn og reint hav og ta vare på ressursane våre på ein heilt annan måte enn vi har gjort så langt. Indre Sunnfjord er ikkje noko unntak.

Vi i lokallaga i Venstre i Indre Sunnfjord meiner vi må ta mål av oss å bli best i klassen på klimaomstilling. Vi må sette oss ambisiøse mål og prioritere både budsjettmidlar og ressursar frå kommunen sitt apparat. Noko anna kan koste oss veldig dyrt. Kommunen må vere pådrivar og få med innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar i både planarbeidet og ikkje minst i arbeidet med å oppfylle måla i planen.

Vi vil allereie no peike på ein del område der vi i Indre Sunnfjord har høve til å vise ansvar og ta tak i utfordringane vi står ovanfor. Eit av desse områda er offentlege bygg. Vi meiner alle offentlege bygg skal vere energinøytrale eller energipositive. Fjord- eller grunnvarme, energi frå solceller eller andre fornybare energikjelder må på plass. Likeeins må vi legge til rette for meir bruk av tre som materiale i offentlege byggeprosjekt.

Innan transport har vi også ein lang veg å gå for å bli meir klimavenlege. Kommunen må, saman med næringslivet legge til rette for lading av elbil, satse vidare på sykkel- og gangvegar, styrke kollektivtilboda og stille strenge krav ved offentlege transportinnkjøp. Vi må også sette oss klare mål når det gjeld berekraftig forvaltning av areal – spesielt landbruksareal - og hindre tap av naturmangfald.

Eit kritisk punkt spesielt i vår region er avfallshandtering i offentlege bygg, hjå næringslivet og i private hushaldningar. Dagens system via Sunnfjord Miljøverk er rett og slett for dårleg. Vi må legge til rette for resirkulering og avfallsgjenvinning på ein langt betre måte enn i dag og utnytte restavfallet til produksjon av til dømes biogass.

Sist, men ikkje minst, må vi jobbe aktivt i kommunen for å spreie kunnskap om klima- og miljøspørsmål i skulen og elles. Her har allereie organisasjonar som Ungt Entreprenørskap gått føre og utvikla prisvinnande opplegg innan klima, miljø og innovasjon for grunnskulen og vidaregåande skule i samarbeid med fire andre land.

Klimaomstillinga kan – om ein tek dei rette grepa – bli eit konkurransefortrinn for både det offentlege og næringslivet i regionen vår. Teknologien og kunnskapen vår innan mellom anna energi, maritime næringar og IKT kan nyttast til å skape dei nye arbeidsplassane som vi treng når olje- og gassproduksjonen etter kvart skal avviklast. Her kan kommunen legge til rette både med infrastruktur og midlar.

Plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2018 til 2030 er den første felles planen for den nye kommunen i Indre Sunnfjord. Lat den nye kommunen bli ein klimavinnar med klimaomstilling og grønt skifte som dei viktigaste satsingane.

Vigdis Tonning, leiar Jølster Venstre

Anne Mette Hjelle, leiar Førde Venstre

Eivind Husabø, leiar Naustdal Venstre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags