Venstre og krafteksport

Ingunn Kandal

Ingunn Kandal Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Venstre, Høgre og KrF i Vestland fylkesutval står saman for bygging av krafteksportkabelen NorthConnect (NC). Fleirtalet i fylkesutvalet ville heldigvis noko anna og vedtok ein uttale mot bygging.

Venstre-talspersonane Gunnhild Berge Stang og Alfred Bjørlo går i eit debattinnlegg i BT i forsvar for sitt mindretalssyn. Dei vil ha det til at NC-kabelen vil gje «raske, store klimakutt som storsamfunnet tener pengar på til framtidas velferd».

Ja, vil storsamfunnet tene pengar på kabelen? Skuldast denne fortenesta den auka straumprisen som NVE skriv vil komme? Mange arbeidsplassar og lokalsamfunn i Vestland er baserte på stor nok mengde kraft til konkurransedyktig pris. Vil desse arbeidsplassane og lokalsamfunna vere tente med auka kraftprisar? Venstre-politikarane meiner tydelegvis «ja». Fleirtalet i fylkesutvalet ser heldigvis at realitetane er annleis og seier nei til NC.

Venstre hevdar også at kraftkabelen «til Skottland kan bidra til å redusere CO2-utsleppa med to millionar tonn». Vi ser at Venstre brukar ordet «kan» og ikkje «vil». Det er formildande samanlikna med dei som bastant har hevda at kabelen vil redusere utsleppa. Raudt har meir tru på at NC-kabelen vil auke CO2-utsleppa fordi krafteksporten kan gå til Tyskland som har ein meir CO2-smitta kraftmiks. Mange har med styrke påvist at NC, bl. a. difor, vil føre til ein auke i CO2-utsleppa på 4 millionar tonn.

Raudt vil også stille spørsmål om Venstre med si stemmegjeving signaliserer at partiet er på veg bort frå avtalen partiet faktisk har gjort om restriksjonar på bygging av vindkraft i Vestland. NC-kabelen har til dels som grunnlag at vi har kraftoverskot i Noreg. Kraftoverskotet vil ikkje bli særleg stort om vi skal erstatte innanlands forbruk av 150 TWh fossilkraft. NC-kabelen vil derfor bidra til press for utbygging av m.a. vindkraft. Det er beklageleg at Venstre (og Høgre og KrF) ikkje kan eller vil forstå dette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags