Sunnfjordvegen og andre vegnamn i Gaular

INDREFILET: Magnar Hellebust vil at vegen over Gaularfjellet skal heite Sunnfjordvegen.

INDREFILET: Magnar Hellebust vil at vegen over Gaularfjellet skal heite Sunnfjordvegen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevStatens kartverk har oppmoda om at alle skal ha vegnamn som adresse. Dette arbeidet har gått tregt i Gaular. Men no er også dei i gang. Tidlegare i haust har det blitt lagt ut på høyring korleis adresseparsellane skal vere. No har kommuneadministrasjonen bestemt det. Kommunen har no sendt ut oppmoding om forslag til vegnamn på desse vegparsellane.

Undervegs er det komme nokre forslag som etter mitt syn er totalt misvisande. Grunnen for at eg tek tastaturet fatt er at eg tidlegare har jobba med adressering i både i Førde og Naustdal kommune i til samen 18 år. Såleis meiner eg at eg har litt kompetanse innan feltet.

Eine veg parsellen skal gå frå Moskog i Førde (vegkryss E39) gjennom Holsen og over Rørvikfjellet og ned gjennom Viksdalen og inn mot Gaularfjellet. Fylkesveg 13. Mange meiner dette namnet må vere Gaularfjellsvegen. Etter mitt syn totalt feil. Parsellen gå over to fjellparti. Det vert feil at fjellstova på Rørvikfjellet skal adresserast Gaularfjellsvegen. Viksdalsvegen vert også feil når parsellen går gjennom Holsen.

No skal slike namn vere unike innan eit region/kommune. Såleis må namna tilpassast innan nye Sunnfjord kommune. Det som undrar meg er at det er ingen veg som har fått namnet Sunnfjord i regionen. Difor føreslår eg Sunnfjordvegen som namn på vegparsellen. Vegen går gjennom noko av finaste indrefileten i Sunnfjord. Rett nok kunne dette namnet blitt nytta på andre veg strekningar som t.d. Kjøsnesfjorden til Florø (RV5) som også ville spegle området på ein god måte. Men her er vegnamn på ymse parsellar allereie bestemt. Ei anna aktuelt vegnamn er Fossevegen. Strekning går alt gjennom det etter kvart innarbeide nemninga Fosselandet og mykje av den etter kvart kjende Fossestien ligg på denne strekka.

Så vil eg ta for meg ein annan vegparsell og det er E39 frå Førde (Askvollkrysset) mot Vadheim. Deler av denne vegen har i dag namnet Halbrendslia. Her må det omadressering til etter slik eg forstår det.

Frå tidlegare tider var dette hovudvegen til Bergen og i knutepunktet Vadheim i sognekommunen Høyanger var det båt forbindelse til Bergen by. Så her er det to alternative namn. Sognevegen og Byvegen.

I dag har vi ein veg, Fv610, som går frå Sande mot Viksdalen med namnet Viksdalsvegen som har knytt til seg husnummer dei første 200 -300 m frå Sande. Når denne parsellen skal stogge i Eldalsosen vert det feil å gje den dette namnet. Det er først når du kjem opp i Eldalsosen at vi er komne på Viksdalen. Hadde parsellen gått vidare enten mot Rørvikfloten eller Mjell hadde dette blitt rette namnet. No vil eg ikkje skuffe tidlegare gode viksdølar frå Eikjelandsfossen til Rørstad som tidlegare høyrde til Viksdalen sokn eller viksdølar på strekka Rørstad–Eldalsosen. Men eg har to andre gode namn. Kapellvegen, av den grunn av at Hestad kapell ligg om lag midtvegs mellom Sande og Eldalsosen. Eit anna aktuelt namn er Vasstrand. Fram gjennom tida er strekka frå Eldalsosen til Kirkelisund kalla Vasstranda. Vegen ligg langs vasstrengen Viksdalsvatnet og Hestadfjorden på storparten av veglengda.

Så vil eg til slutt ta for meg vegparsellen Vikja–Roska (Fv421 Hp1). Dette er det vi i daglegtale kallar Dalen på Viksdalen. Dermed gir namnet seg sjølv. Mange vil nok gå for Roskevegen. Det er mange avarta av namnet Roska. T.d. Rusken. Eg ynskjer ikkje å bli adressert til det som vert oppfatta som Ruskevegen. Det er eit negativt lada ord som bør unngåast. Jamfør Matrikkellova §50 punkt 7. Der vert det sagt at den som vert tildelt eit adressenamn har uttalerett. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags