Våre tankar om ei framtid på Viksdalen

Skuleveg frå Viksdalen til Sande er ikkje berre lang, den er også farleg. Særleg partiet gjennom Matbjøra (bildet)  uroar mange, skriv Elisabeth Viken,  Emma Ness og Thea Kvammen.

Skuleveg frå Viksdalen til Sande er ikkje berre lang, den er også farleg. Særleg partiet gjennom Matbjøra (bildet) uroar mange, skriv Elisabeth Viken,  Emma Ness og Thea Kvammen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Nyleg presenterte administrasjonen i Sunnfjord kommune sine forslag til kva skular som skal leggast ned dei neste åra. Vi forstår at kommunen må spare pengar. Men er det skuleelevane som skal ta rekninga?

Administrasjonen føreslår å legge ned Viksdalen ungdomsskule, og sende elevane til Sande. For elevane med lengst reiseveg, vil det bety ein busstur på 70 minutt kvar veg. To gongar for dagen. Fem dagar i veka. I løpet av eit skuleår på 190 dagar, vert det 433 timar. Det tilsvara elleve arbeidsveker.

Å få redusert fritida si med elleve arbeidsveker i året er mykje for ein trettenåring. Det betyr mindre tid til venner, familie, skulearbeid og fritidsaktiviteter. Ein må stå opp ein time tidlegare, og legge seg ein time tidlegare. Dagen vert lenger, men likevel kortare.

Reisevegen er ikkje berre lang, den er også farleg. Særleg partiet gjennom Matbjøra uroar mange. Og det er ikkje utan grunn - det er dessverre mange bevis på kor rasfarleg denne strekninga er. Heldigvis var det ingen skulebuss på vegen den dagen i 2016 det rasa ned ein stein på størrelse med ein lastebil. Seinast i 2018 gjekk det ras som kunne teke liv. Det er fleire tonn med argument mot å køyre elevar langs denne vegen.

Vi er fleire unge vaksne som gjerne vil bu i Viksdalen i framtida. Men det er ingen av oss som vil sjå 13-åringen sin tilbringe 433 timar i året på ein livsfarleg skuleveg. At administrasjonen likevel foreslår nettopp det, er vanskeleg for oss å forstå.

I følge administrasjonen, er det viktige å få fram at forslaget kan gje ei innsparing på 2,5 millionar kroner. Vi vil gjerne at adminstrasjonen set pris på Viksdalen, men ikkje slik. I følge oss, er det viktige å få fram at forslaget kan øydelegge vår moglegheit for ei framtid i bygda vi er glade i. Vi håpar kommunestyret tek innover seg det.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken