Vår framtid står på spel

KLODE: Menneska må slutte å leve som om dei har ein identisk klode dei kan reise til når den dei har er oppbrukt. Vi må ta byrje å ta vare på ressursane vi har, og tenkje over konsekvensane av det vi gjer, skriv artikkelforfattaren.

KLODE: Menneska må slutte å leve som om dei har ein identisk klode dei kan reise til når den dei har er oppbrukt. Vi må ta byrje å ta vare på ressursane vi har, og tenkje over konsekvensane av det vi gjer, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Dette er eit desperat rop om hjelp frå dei som skal overta denne planeten. For vår verd blir øydelagd. Om nokre tiår er ikkje Jorda like grøn, frodig eller naturrik som den ein gong var. Polane er mindre og havet har stige. Ekstrem tørke, flaum og vind vil herje. Millionar av menneske på flukt. Dette er den verda vi skal leve i viss ingen tar tak.

Men korleis har det blitt slik, spør vi kvarandre. Kvifor tok ikkje nokon ansvar, og snudde skipet før det var for seint? Svaret er fordi dei var redde for å gjere det. Redde for å risikere pengar, redde for endring. Kanskje trudde dei at slaget allereie var tapt og at det uansett ikkje var mogleg, eller at det berre ville forsvinne om dei lét vere å tenkje på det? Det finst uendeleg mange forklaringar, men uansett er det vårt ansvar.

Dessutan, endring kjem anten vi vil det eller ikkje, og mykje større pengesummar vil gå tapt om vi ikkje klarer å få til eit grønt skifte. Det angår oss alle, anten vi bur i sør eller nord, aust eller vest, for alle har denne skjøre kloden som heim.

Denne krisa angår ikkje berre oss. Den påverkar også alle jordas skapningar, frå fuglane og fiskane til heile regnskogar og alle deira bebuarar. Og sidan det er vi som har rota det til, så er det etter mi meining berre rett og rimeleg at vi ryddar opp også. Dessutan er vi avhengig av dyra og plantane for å overleve.

Menneska må slutte å leve som om dei har ein identisk klode dei kan reise til når den dei har er oppbrukt. Vi må ta byrje å ta vare på ressursane vi har, og tenkje over konsekvensane av det vi gjer. Det er tydeleg at vaksne treng ein haug med påminningar om kor viktig det er å ta vare på heimen vår. Hadde dei ikkje hadde trengt det, ville det ikkje vore naudsynt at titusen av ungdommar droppa skulen for å demonstrere. Ikkje ein gong når koronaviruset herjar, kan vi ta pause. Spesielt ikkje då.

For er det ein ting koronakrisa har lært oss, så er det kor fort menneska kan handle når dei får kniven på strupen. Vi kan snu oss rundt på flekken om vi berre vil. Sjå på alle jobbane og pengane vi har risikert. Heile verda står bom stille i kampen mot viruset. Slik kan vi også handle i kampen for ei betre framtid. Problemet er berre at når verda opplever at dette faktisk er krise, er det for seint. Vi må starte omvendinga no, for vi har faktisk berre ti korte år på oss. Ti år på å halvere verdas klimagassutslepp og finne fram til ein grønare livsstil.

Det høyrest kanskje lite ut, og det er det. Men likevel, eg har håp. Om alle tar litt tak, og vi har politikarar som er tøffe nok til å endre verda, så kan vi klare det. Vi barn og unge treng at de også ansvar og handlar som vaksne menneske. Sjå på det som ein felles dugnad mot ein felles fiende. Einaste vrien er at fienden er oss sjølve.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags