Vald i nære relasjonar eit betydeleg samfunnsproblem

TABU: Vald i nære relasjonar er diverre framleis eit tabu som ofra etter beste evne prøver å halde skjult for omgjevnadane sine. Vi veit likevel at det utgjer eit betydeleg omfang, og at valdsbruken ofte eskalerer ved høgtider og feriar, skriv Frida Melvær i denne artikkelen.

TABU: Vald i nære relasjonar er diverre framleis eit tabu som ofra etter beste evne prøver å halde skjult for omgjevnadane sine. Vi veit likevel at det utgjer eit betydeleg omfang, og at valdsbruken ofte eskalerer ved høgtider og feriar, skriv Frida Melvær i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevGler du deg til jul?

Dei aller fleste svarar bekreftande på spørsmålet. Også dei som opplever desse fridagane som utrygge. For det er framleis vanskeleg å innrømme at jula for nokon representerer vald, bekymring og svik.

Vald i nære relasjonar er diverre framleis eit tabu som ofra etter beste evne prøver å halde skjult for omgjevnadane sine. Vi veit likevel at det utgjer eit betydeleg omfang, og at valdsbruken ofte eskalerer ved høgtider og feriar.

Vald i nære relasjonar er alvorleg kriminalitet, eit angrep på grunnleggjande menneskerettar, og eit betydeleg samfunns- og folkehelseproblem. Valden har ulike uttrykk og kan omfatte både fysiske, psykiske, seksuelle og materielle overgrep mot personar som valdsutøvaren står nær. I sin ytterste konsekvens tek valden liv. 150 kvinner og 18 menn har blitt drept av partneren sin sidan år 2000. 70 prosent av norske kommunar manglar oversikt over kor mange som er utsette for partnervald.

For å styrke innsatsen mot vald og overgrep har regjeringa vedtatt ein opptrappingsplan mot vald og overgrep. Den inneheld ei rekkje nasjonale og lokale tiltak som vert iverksett no. Vi brukar nær ein milliard kroner på tiltaka i denne planen. Vi har mellom anna oppfordra kommunane i landet til å utarbeide handlingsplanar mot vald i nære relasjoner. Handlingsplanane skal hjelpe kommunane til å utvikle tenester til menneske som vert utsette for vald i nære relasjonar, til dei som utøver valden og til andre som vert råka. I samsvar med norsk lov, har valdsutsette krav på eit tilrettelagt hjelpetilbod.
Det var derfor skuffande å lese at svært mange kommunar framleis manglar oversikt over omfanget av problemet, og at under halvparten av kommunane faktisk har utarbeidd ein handlingsplan.

Vald i nære relasjonar er ikkje knytt til kommunestorleik. Alle kommunar må derfor ta sin del av ansvaret og sikre at aktørane i hjelpeapparatet, som politi, barnevern, skule og helsestasjon, samarbeider for å hjelpe og forebygge.
Ein rettleiar for utvikling av handlingsplanar mot vald i nære relasjonar er tilgjengeleg på nett. Rettleiaren fortel korleis dei som skal lage handlingsplanen kan gå fram, frå idé til planlegging og gjennomføring.

Eg vil på det sterkaste oppfordre alle norske kommunar til å sette vald i nære relasjonar høgt på dagsorden i 2020. For å utvikle felles forståing, få oversikt over omfanget av problemet og finne dei gode tiltaka, bør temaet diskuterast jamleg i politiråd og i samband med SLT-arbeid (samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggjande tiltak) i kommunen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags