Nei til vindkraft i Sunnfjord

NEI: Sunnfjord Venstre ynskjer ikkje vindkraft i Sunnfjord, skriv Atle Hamar og Elisabet Kjærstad Bøe.

NEI: Sunnfjord Venstre ynskjer ikkje vindkraft i Sunnfjord, skriv Atle Hamar og Elisabet Kjærstad Bøe. Foto:

Av
DEL

LesarbrevPå oppdrag frå Olje- og energidepartementet (OED) har NVE laga eit framlegg til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Denne rammeplanen seier at det mogelege utbyggingsområdet i Sunnfjord/Ytre Sogn har berre middels gode produksjonsforhold for vindkraft, og at topografien tilseier at det er snaufjellet som er eigna til utbygging av vindmøller.

Sunnfjord Venstre meiner at ei vindkraftutbygging i Sunnfjord ikkje er aktuell politikk, mellom anna fordi ei slik utbygging vil medføre store naturinngrep, med negativ verknad både for biologisk mangfald og dyr. Med unntak av enkelte inntekter frå eigedomsskatt og privatrettslege avtalar mellom utbyggar og grunneigarar, er det høgst usikkert om vindprosjekta gjev lokal verdiskaping. Den relativt korte levetida på sjølve vindmøllene fører også med seg utfordringar knytt til avvikling av prosjekta og handtering av utdatert utstyr.

Sjølv i eit klimaperspektiv, med eit stort behov for fornybar energi i omstillinga, bør ein i Sunnfjord fokusere meir på effektivisering av allereie eksisterande vasskraft, samt mest mogeleg lokal utnytting av denne til elektrifisering innanfor transport, oppdrett og industri. Vasskrafta er også betre eigna enn norsk landbasert vindkraft til å fase ut kolkraft til privat forbruk i Europa, særleg dersom vindkraftprosjekta vert kjøpt opp av multinasjonale selskap som Google og Facebook. I omstillinga til nullutsleppssamfunnet er det lett å gløyme at vi også må bli eit lågenergisamfunn. Dersom ein likevel skal gå for ein auke i norsk energiproduksjon frå vindkraft, bør dette i regelen skje til havs. Havvind er etter kvart også lønsamt og teknologiutviklinga går raskt framover.

Det er difor viktig at kommunane i Sunnfjord, gjennom høyringa på rammeplanen for vindkraft, seier tydeleg ifrå om at utbygging ikkje skal skje i område Sunnfjord/ytre Sogn, som er eit av dei føreslegne område som skal vurderast.
Venstre er tydeleg på at det kommunale sjølvstyret skal gjelde. Seier ein kommune nei, så skal det bli nei. Natur, biologisk mangfald og artsmangfald skal sterkt vektleggast. Det må stillast like strenge krav til utbyggarar av energi, som det vert stilt til bønder og andre næringsdrivande, når det skal etablerast næring/gjerast tiltak i utmark. I denne samanhengen er det positivt at NVE no innfører strengare krav til utbyggars dialog med interessentar og lokalsamfunn.
Sunnfjord Venstre ønskjer ikkje vindmøller på fjelltoppane i vår nye kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags