Venstre vil rocke Sunnfjord

FART: Eg trur det blir lite fart for Sunnfjord om vi dansar rundt her oppe for oss sjølve i ein leikarring eller i ein roleg engelsk vals, skriv Gunn Merete Paulsen (t.h.). Her saman med partikollegaene Elisabet Kjerstad Bøe og Åge Avedal.

FART: Eg trur det blir lite fart for Sunnfjord om vi dansar rundt her oppe for oss sjølve i ein leikarring eller i ein roleg engelsk vals, skriv Gunn Merete Paulsen (t.h.). Her saman med partikollegaene Elisabet Kjerstad Bøe og Åge Avedal. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKven skal rocke Sunnfjord?» spurde Firda sin redaktør, Kai Åge Pedersen, på seinsommaren. Har valkampen gitt oss svaret på det?

Det valkampen i alle fall har vist er at vi treng politikarar som er interesserte i å rocke Sunnfjord. Samtlege politikarar og alle politiske parti ynskjer vekst og utvikling i Sunnfjord kommune. Måten ein skal løyse dette på er derimot svært ulik.

For å få fart på Sunnfjord trur eg vi må ha politikarar som tør å rocke - med tempo og musikalitet. Vi må også tore å danse med dei som ikkje er heilt like oss. Eg trur det blir lite fart for Sunnfjord om vi dansar rundt her oppe for oss sjølve i ein leikarring eller i ein roleg engelsk vals. Vi må ha historia med oss, men spele på fleire strenger. Tenke nytt. Våge å satse.

Eg vil ikkje at Sunnfjord skal prøve å overleve på reversering av reformer og vern om utdaterte samfunnsstrukturar. Eg vil ikkje at vi skal konservere gårsdagens idear og tankegang. Då mister vi fart og kraft. Eg vil at Sunnfjord skal utvikle seg gjennom omstillingsvilje i takt med dei store, raske samfunnsskifta som skjer: Elektrifisering, digitalisering, klima og berekraft. Dette fell naturleg for næringslivet og det må det gjere også for oss politikarar. Eg vil at Sunnfjord skal tilby spanande arbeidsplassar og dei beste bu- og oppvekstvilkåra. Eg vil at vi skal vere den største og mest slagkraftige bu- og arbeidsmarknadsregionen mellom Bergen og Ålesund, men vi er i ferd med å sakke akterut.

Framover vil vi ha større problem med å få nok folk til å fylle jobbane enn å ha jobbar til dei som er her. Den største utfordringa vår vil difor vere å få folk til å busetje seg her. Svartmalinga av distrikts-Norge som ein del av Noreg som staten forlet, som er prega av utryggheit for liv og helse og stader utan framtidshåp og optimisme er drepande for all rekruttering. Kven vil satse på å ta familien sin med seg til ein stad som går under om ikkje den blir redda av staten, eller til ein stad der politikarane er meir opptekne av å sjå bakover enn framover?

Eg er sjølvsagt samd i at staten skal vere ein medspelar og ta tilbake rolla si som samfunnsutvikler også i distrikta. Teknologien gjer at det er enklare enn nokon gong for staten å sentralisere nye oppgåver til ein bygdeby som Førde som til ein storby som Oslo eller Bergen. Det skjer i dag og vi må halde fram jobben med å få meir drahjelp. Men vi må gjere jobben med eit utviklingsperspektiv og ikkje som ein kamp mot endring.

Eg er ikkje i tvil om at innbyggjarane i Sunnfjord fortener å ha politikarar som søker samarbeid med andre, som ser moglegheiter i endring. Farten i Sunnfjord må komme ved at vi ser framover, ikkje bakover. Det andre alternativet fryktar eg vil gi kortsiktig gevinst for nokre, men føre til langsiktig tap for mange. Omkampar bør ikkje vere dei viktigaste kampane i Sunnfjord framover. Det må vere kampen om arbeidskraft. Då må vi gjere langt meir enn konsekvent å seie nei til endringar eller ta opp att gamle stridssaker. Det er der eg ønskjer at politikarane skal bruke energien sin. Det er der eg ønskjer at politikarane skal ha motivasjonen sin. Det er då vi «rockar». Stem Venstre!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags