Sosial bustadpolitikk i kampen mot barnefattigdom

Av
DEL

LesarbrevI sommar kom det ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (bufdir.no) i samband med barn som lever i hushaldningar med vedvarande låginntekt, lat oss for enkelheits skuld kalle dei «fattige barn». Statistikken viser at alle kommunane i det som snart skal bli den nye Sunnfjord kommune kjem godt ut av det når ein samanliknar med resten av landet. Likevel er tala dystre, då dei viser at talet på «fattige barn» i Sunnfjord har auka markant sidan 2013. Dette speglar av det vi ser i heile landet; forskjellane aukar no raskt med den blåblå politikken regjeringa fører. Vi i Raudt indre Sunnfjord (RIS) har mange gode løysingar som vil bidra til å jamne ut desse forskjellane, blant desse ein meir sosial bustadpolitikk.

Det viser seg nemleg også i statistikkane at vi i Sunnfjord (med unntak av Gaular) kjem dårlegare ut enn resten av landet på nokre område: barn i låginntektsfamiliar som bur i leigd bustad, og barn i låginntektsfamiliar som bur i ein trong bustad (sistnemnde var særleg markant i Førde). Vi meiner at dette ikkje kan forklarast utelukkande med det aukande talet på «fattige barn», men at det også må sjåast i samanheng med dei kunstig høge bustadprisane i Førde. Vi i RIS meiner at flest mogleg skal ha moglegheit til å eige bustad, både fordi det skapar ein meir stabil og trygg situasjon for dei enkelte familiane, og for å unngå at låglønt familiar/personar skal måtte «bu seg i hel» med urimeleg høge leigekostnader, samtidig med at dei rikaste tener seg endå rikare på leigeinntekter. Bustad er eit livsnødvendig gode, og bør ikkje vere eit spekulasjonsobjekt for dei rike. For å motverke dette meiner vi det er naudsynt med ein meir offensiv bustadpolitikk i Sunnfjord kommune.

RIS meiner derfor at vi må sørge for at det i Sunnfjord kommune vert etablert ein ikkje-kommersiell bustadsektor for kjøp og sal utanfor marknaden. Husbanken vil her spele ei viktig rolle gjennom subsidiar til å finansiere ikkje-kommersielle bustader. Sunnfjord kommune må stille krav til bustadbyggelag om å bygge eit visst tal bustader innanfor denne sektoren som ein integrert del i alle nye bustadprosjekt. Desse bustadene skal ha attkjøpsplikt i denne sektoren, til kjøpsprisen pluss prisutvikling (justert etter konsumprisindeksen). I Bodø og i Oslo har Raudt fått gjennomslag for ein slik sektor, og viser med dette at det finst alternativ i form av lokale løysingar til den usosiale bustadpolitikken vi ser i dag.

I tillegg meiner RIS at Sunnfjord kommune må søke om tilskot frå Husbanken til å bygge utleigebustader med det føremål at personar/familiar med låg inntekt skal kunne «leige for å eige», då sjølvsagt med leige til kostpris. Dette vil gje langt fleire moglegheiter til å komme seg inn på bustadmarknaden, og føre til ei meir rettferdig fordeling av goda. Vi veit at fattigdom så vel som rikdom går i arv, og at ein offensiv sosial bustadpolitikk vil motverke dette. Vi i RIS meiner nemleg at eit samfunn med små forskjellar og like føresetnader for alle er eit godt samfunn!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags