PILS (Politikk Ispedd Litt Sludder)

SPELET: Vårt første val som ny kommune vil verte hugsa for spelet i kulissane, ikkje sakene. Politikarane har ein jobb å gjere for å tørke av seg dei negative påskriftene dei sjølve har påført seg. Biletet er frå valvaka i Førde. F.v. Olve Grotle, Helge Robert Midtbø og Jenny Følling.

SPELET: Vårt første val som ny kommune vil verte hugsa for spelet i kulissane, ikkje sakene. Politikarane har ein jobb å gjere for å tørke av seg dei negative påskriftene dei sjølve har påført seg. Biletet er frå valvaka i Førde. F.v. Olve Grotle, Helge Robert Midtbø og Jenny Følling. Foto:

Av
DEL

LesarbrevPå NRK er der eit eminent musikkprogram som heiter for PILS (Populærmusikk Ispedd Litt Sladder).
Vår nye storkommune har fått sitt eige program med omtrent same namn. (Politikk Ispedd Litt Sludder).

For kva kan ein vel seie etter det første valet i den nye kommunen? Toppolitikarar som nyttar alle triksa som finst for å koma i posisjon. Sjølve politikken og sakene er heilt underordna no medan kongar, dronningar og knektar skal finne sin plass i maktstigen.

Til slutt kjem den forløysande avtala, visstnok berre valteknisk får vi vite. Tippar dei aller fleste veljarane dett av lasset allereie her. So kjem oppgjeret, der vinnarar og taparar overgår seg sjølve for å godtgjere det dei har gjort og ikkje.

Eg tykkjer ikkje dei kjem godt ut av det, nokon av dei. Ap forsov seg og miste ordførarklubba ved førre val. Denne gongen skulle dei so visst ikkje gjere den same feilen. Nesten før dei første prognosane er klare tek Ap med seg Sp på bakrommet. «Ta kommandoen» er det noko som heiter. At den ein skal forhandle med er større og sterkare enn ein sjølv spelar visst inga rolle. «Uakseptabelt å gje ordføraren til SP» uttalar taparen dagen derpå. Med det tapte han ei raudgrøn politisk plattform med fleirtal. Ein må spørje kvifor det var «uakseptabelt» å gje ordførarklubba til partiet som var klart størst i 8 av 11 valkretsar, og slett ikkje gjorde noko dårleg val i Førde kretsen? Kva var det «uakseptable»?

Jan Asle Bolset

Jan Asle Bolset Foto:

Sp sine forhandlarar hadde pizzafest utover kvelden, og med magane fulle av den nemnde pizzaen slakka dei av på kravet om ordførarklubba, og satsa på å overføre nok makt (og pengar) til jobben som varaordførar. Slik at det vart hipp om happ om ein vart det eine eller det andre.

No veit vi alle korleis dette gjekk til slutt. Som ein rev i ein hønsegard med blinde høner, sopa advokaten frå Bremanger, no ordførar i Førde, til seg makta. Slik han har gjort det før.

Ifølge han sjølv var det han som hadde konstruert ei utvida stilling for varaordføraren, og denne hadde han tilbydd til alle dei innvalde ordførarkandidatane i det nye kommunestyret. Slik kunne ein tolke han på NRK si morgonsending.

Vårt første val som ny kommune vil verte hugsa for spelet i kulissane, ikkje sakene. Politikarane har ein jobb å gjere for å tørke av seg dei negative påskriftene dei sjølve har påført seg.

Store saker som Engebø, og ein førdepakke som byrjar å lukte litt som det som kjem ut av ei gyllevogn, er viktige saker som krev politisk handverk i ein heilt annan klasse enn det som har vorte bretta ut i lokalmedia siste dagane.

Maktkamp i politikken kan vere god underhaldning, men for veljarane som nett har stått i kø for å gjere borgarplikta si, vert det heile ein parodi.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags