Den utskjelte populismen

Av
DEL

LesarbrevEg ser at Firda har opna for populismedebatt gjennom innlegget til Jan Magne Herstad (12.09). I og med at det kanskje er det eg er, melder eg meg på.

Populisme kjem jo frå det latinske ordet for folk, og omgrepet har m.a. blitt brukt om uorganiserte vanlege folk som ønskjer å påverke samfunnsutviklinga meir i retning av miljøpolitikk og desentralisering, gjerne gjennom folkeavstemmingar. Når det gjeld desentralisering har jo absolutt Trygve Slagsvold Vedum vore ein mann eg har heia på i det siste. Valvaketalen hans var i så måte ein skikkeleg festtale. Men undervegs har han fått smake populisme-ordet som skjellsord, spesielt av politiske motstandarar som har prøvd å klistre han som opportunist.

Dei fleste av oss har oppfatta det som dårleg forkledd mobbing, ein meir og meir vanleg (mis) bruk av ordet. Men det forundrar meg at Herstad utbasunerer at populisme ingen plass har i demokratiet vårt. Grunnen til at Senterpartiet har hatt vind i segla i denne valkampen, er vel nettopp at dei har teke signala frå folk, både for desentralisering og mot reformer.

Mangelen på kontakt med grasrota har ført til kollaps for dei mange reformene som er klekka ut over hovudet på oss dei skulle vere til for. Og både Førdepakken og Engebøprosjektet ser ut til å profittere på at folk utanfor styreromma tek kloke initiativ.

Det hjelper lite med store ord som gjennomføringskraft og ansvar viss kursen er feil. Derfor håpar eg at byråkratar og politikarar framleis blir kikka i korta og får korrigert kursen av folk, uorganiserte eller organiserte, som bryr seg om lokalmiljøet sitt eller framtida for landet vårt, og som engasjerer seg.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags