Er det berre reiselivsnæringa som skal vekse?

VEKST: Om vi tolkar valprogrammet til Solund SP rett, vil berre reiselivsnæringa oppleve vekst eller utvikling dei neste fire åra dersom Gunn Mongstad (bildet)  framleis sit i førarsetet etter haustens val, skriv artikkelforfattarane.

VEKST: Om vi tolkar valprogrammet til Solund SP rett, vil berre reiselivsnæringa oppleve vekst eller utvikling dei neste fire åra dersom Gunn Mongstad (bildet) framleis sit i førarsetet etter haustens val, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Vi les i Solund SP sitt valprogram at «Solund kommune skal vere ein god tilretteleggar og samarbeidsaktør for næringslivet». Vidare slår valprogrammet fast i kulepunkt at dette inneber å legge til rette for ei veksande reiselivsnæring. Ingen andre næringar skal, om vi tolkar valprogrammet til Solund SP rett, oppleve vekst eller utvikling dei neste fire åra dersom Gunn Mongstad framleis sit i førarsetet etter haustens val.

Definisjonen på «næringsliv» er summen av verksemder og næringsdrivande som produserer varer og tenester i eit samfunn. I eit lokalsamfunn som Solund er det svært viktig å ha eit rikt og mangfaldig næringsliv. Skal vi sikre vekst og utvikling i Solund er det avgjerande at vi har eit sterkt næringsliv på tvers av ulike bransjar.

Vi kan ikkje basere framtida til Solund på tilskot og offentlege arbeidsplassar. Solund treng ein privat arbeidsmarknad skapt av private verksemder uavhengig av om dei er knytt til reiseliv, fiskeri, havbruk, landbruk, industri eller servicenæringa. Vi som politikarar må vareta det mangfaldet eksisterande næringsliv i Solund representerer i dag og legge til rette for vekst og vidareutvikling hjå både desse og nyetablerarar.

Skal Solund vere eit attraktivt og levedyktig samfunn i framtida er det avgjerande at vi har verksemder og næringsdrivande som produserer varer og tenester, og på den måten skapar arbeidsplassar til innbyggjarane. Arbeidsplassar gjev grunnlag for vidare busetnad og vekst på ulike nivå i kommunen t.d. innan tenestetilbod, kulturliv og fritidstilbod. Dersom vi berre skal legge til rette for vekst i ei særskilt næring vert framtida til Solund sårbar.

Solund treng politikarar som er opne og legg til rette for at ulike typar næringar kan vekse og utvikle seg side om side i øyriket vårt. Vi må tru på at vekst i ulike næringar skapar positive ringverknadar for andre næringar i kommunen. På den måten kan vi spele kvarandre gode og løfte i lag for framtida til Solund.

Legg vi ikkje til rette for vekst i anna enn reiselivsnæringa i Solund er vi redde for at Solund SP sin ambisjon om å vere «best på å vere liten» fort kan få eit anna innhald enn det som mest truleg er meint med utsegna.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags