Vidaregåande skule er et viktig bidrag til utvikling for den enkelte og for heile regionen

DESENTRALISERT: Ein desentralisert skulestruktur er viktig for å halde aktivitet i heile fylket, skriv artikkelforfattarane. Frå venstre; Tor André Ljosland, Trude Brosvik og Kristina Vaktskjold Hamre

DESENTRALISERT: Ein desentralisert skulestruktur er viktig for å halde aktivitet i heile fylket, skriv artikkelforfattarane. Frå venstre; Tor André Ljosland, Trude Brosvik og Kristina Vaktskjold Hamre Foto:

Av
DEL

LesarbrevKrF vil at Vestland skal vera ein stad det er attraktivt å bu, og å drive næring. Ein desentralisert skulestruktur er viktig for å halde aktivitet i heile fylket, men også naudsynt for å vareta kompetansen som er i regionen.

Næringa har betyding for etterspørselen av vidaregåande opplæring, og Vestland representerer eit mangfaldig næringssamfunn, med små, mellomstore og store bedrifter. Me har blant anna mange kjelder til fornybar energi, og stor bredde i matproduksjon, for å nemne nokre. KrF vil arbeide for at utdanninga er tilpassa og dimensjonert for den kompetansen næringslivet spør etter. Det kan gjerast gjennom tett samarbeid mellom fylkeskommunen, vidaregåande skular, høgare utdanning og næringslivet.

På landsbasis adresserer Utdanningsforbundet tre konkrete utfordringar knytt til den på vidaregåande skule. Det er fråfall, for lite praksis og mangel på læreplassar. I tillegg til å imøtekomme næringslivet og regionens behov må me som skuleeigarar for den vidaregåande skulen ta desse utfordringane innover oss.

Ifølge utdanningsforbundet blir det lagt fram at fråfallet frå vidaregåande opplæring har vore stabil på ca. 30 % dei siste 20 åra. Det klart største fråfallet er innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram, der nesten kvar tredje elev sluttar før utdanningsløpet er fullført. Det er ei sak som skuleeigar må ta på alvor. Det er mogleg at ei meir praksisnær undervisning er gunstig i møte med denne utfordringa, noko som KrF i aller høgste grad støttar. Ei meir praksisnær undervisning kan verka motiverande, samt at det vil gjera lærlingane betre budde på den reelle arbeidskvardagen.

I tillegg til dette vil KrF støtte tiltak som fornyar yrkesopplæringa, for eksempel ved at ein utviklar eit tettare samarbeid mellom næringsutvikling og opplæring. Ifølge utdanningsforbundet har det i dei siste åra utvikla seg ein praksis innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma der yrkesfagklassar blir slått saman i fellesfaga. Det viser seg at dette reduserer motivasjon for elevane i fellesfaga, men også for elevar i yrkesfaga.

For å styrka motivasjonen anbefaler utdanningsforbundet at elevar bør få yrkesretta undervisning i både programfaga og i fellesfaga.
I møte med utfordringa knytt til mangel på læreplassar ønskje KrF å styrke lærlingordninga i regionen. Blant anna foreslår me å auke lærlingtilskotet, tilsette fleire lærlingar i fylkeskommunen og me ønskjer at fylket skal bruka bedrifter som har lærlingar når dei gjer innkjøp eller kjøper andre tenester. I sum vil dette kunne gje fleire lærlingplassar. Dessutan må elevar som ikkje får lærlingplass få et fullgodt alternativ, som for eksempel eit mellomår med mogelegheit til å forbetre karakterar, eller et 2-årig praksisbasert løp. Det kan utruste elevane til å fullføre utdanninga, og dermed auka sjansen for ein vellykka inngang, og karriere i arbeidslivet.

Skulen er både ein dannings- og utdanningsarena, det skal væra eit trygt skulemiljø, der alle elevar kan trivast og ha lyst til å lære. Ungdomsåra kan by på utfordringar, og i tråd med utdanningsforbundet sine tilrådingar ønskjer KrF at det bør vere støttepersonell både for elevar og lærarar i den vidaregåande skule. Ungdom treng lett tilgjengeleg rettleiing når det gjeld livshjelp og anna etisk rettleiing, og lærarar treng støtte for å kunna væra gode læringsambassadørar. Dette kan gjerast ved å styrka skulehelseteneste, rådgivings- og rettleiingsteneste, samt dra nytte av PP-teneste etter særskilde behov.

Vidare ønskjer KrF å styrke grunnfinansieringa slik at skulane i større grad kan styre eigne prioriteringar.
Med stor bredde i næring, er det også naudsynt med et mangfaldig og godt skuletilbod. KrF er positiv til etablering av fri skular som bygger på livssyn eller alternativ pedagogikk, og slike skular vil kunne bidra til større mangfald i skuletilbod. Me i Vestland KrF ønskjer å jobbe for et mangfaldig skuletilbod, i tråd med næringslivet og regionens behov. Målet vårt er å sikre et godt læringsmiljø med høg gjennomføringsgrad, blant anna ved hjelp av å legge til rette for meir praksisløp og å styrke lærlingtilbod.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags