SV til kamp mot mobbing i skulen!

Av
DEL

Lesarbrev

Ein trygg skulekvardag er sjølve fundamentet for god læring. Elevar som vert utsett for mobbing, fysisk eller psykisk i skulekvardagen, eller i sosiale media, vil kunne få store psykiske vanskar, noko som gjer læringssituasjonen vanskeleg.

Opplæringslova, kap. 9 er veldig tydeleg på at alle elevar skal ha rett til eit trygt og godt skulemiljø, som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen skal ha null toleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

SV vil ha fokus på arbeid mot mobbing og krenkingar. SV meiner at det må vere eit kontinuerleg arbeid, og i periodar vere eit lokalt satsingsområde, i tett samarbeid mellom kommunenivået og den einskilde skule. Vi vil ha eit inkluderande skule – og læringsmiljø, og SV vil passe på at det vert jobba kontinuerleg og systematisk for å fremje helse, miljø og tryggleik til elevane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags