Skulefrukost kan bidra til både læring og sterkare fellesskap

FRUKOST: Skulefrukost kan gje mindre uro og betre læring, skriv  Helge Robert Midtbø og Torbjørn Vereide.

FRUKOST: Skulefrukost kan gje mindre uro og betre læring, skriv Helge Robert Midtbø og Torbjørn Vereide. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI dag møter halvparten av elevane opp i klasserommet med tom mage. Det bidreg til meir uro i klasserommet og går betydeleg utover læringseffekten til eleven. Dette ønskjer vi å gjere noko med. Difor vil vi innføre ein gratis frukost i den vidaregåande skulen vår.

Til deg som er lærar: Det er du som gjer den viktigaste jobben i skulen vår. Alle skal få lære seg å lese, skrive og rekne. Og du fortener at undervisinga di ikkje skal måtte konkurrere med rumlande magar og uro i klassa. Mette barn lærer best. Ein treng ikkje noko luksus. Vi kjem langt med å tilby godt grovbrød og litt pålegg.

Elevar på hybel: Det er mange av elevane som bur på hybel i fylket vårt. Faktisk flest i heile landet. For elevar som bur på hybel er det ikkje alltid like triveleg å ete frukosten på hybelen aleine. Resultatet er at nærmare 40 % vel å droppe frukosten før dei reiser til skulen. Her kan tilbodet om ein felles frukost på skulen vere ein betre start på skuledagen.

Elevar som pendlar: Mange av dei som pendlar til skulen må ofte reise ut døra mykje tidlegare enn det ein elles ville spist frukost. Ei jente på 17 år som gjekk allmennfag, sa det eigentleg ganske godt: «Matlysta mi har rett og slett ikkje nådd å vakne før eg må skunde meg til bussen. Då kunne skulefrukost vore ein godt tiltak for å få i seg litt mat».

Einsemd og fellesskap: Det er viktig at får bukt med litt av uroa i klasserommet, men kanskje er det like viktig at vi prøver å gjere noko med utanforskapet på skulen. Dessverre viser undersøkingar frå «ungdata» at 20 prosent av gutar og 30 prosent av jenter har vore plaga av einsemd den siste veka. Det må vi ta på alvor.

Dette er langt ifrå alt vi kan løyse med ein felles frukost med vener og klassekameratar. Men det kan vere eit steg i riktig retning for å styrke det sosiale fellesskapet i skulen vår.

Vi har allereie innført frukosten på skulane i Hordaland. Tiltaket er nøkternt, men tilbakemeldingane har vore svært positive frå både lærarar og elevar. No er det på tide at vi også får det til her i Sunnfjord!

Bruk stemmeretten. Og stem gjerne på oss i Arbeidarpartiet.

Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags