Sats på produksjonsskular

Hilde Horpen, 5. kandidat Vestland Senterparti
Alexander Fosse Andersen, 6. kandidat Vestland Senterparti

Hilde Horpen, 5. kandidat Vestland Senterparti Alexander Fosse Andersen, 6. kandidat Vestland Senterparti Foto:

Av
DEL

Meiningar

Produksjonsskule er eit tilbakeføringstiltak for ungdomar som er i ferd med eller har droppa ut av den vidaregåande opplæringa. Ideen bak tilbodet er å gi ungdomane eit praktisk læringsgrunnlag for å gi dei lyst, moglegheit og kompetanse til å gjennomføre vidaregåande opplæring eller klare seg på arbeidsmarknaden. Opplæringa i produksjonsskular er ikkje knytt til tradisjonelle undervisningsformer, men heller på relasjonsretta dannings- og læringsarbeid i verkstadsamanheng.

I Noreg er dette eit nytt tiltak etter inspirasjon frå den danske modellen produksjonsskule. I Danmark er ordninga lovfesta, og det finst over 80 produksjonsskular der. Hordaland fylkeskommune har som einaste fylkeskommune i Noreg starta produksjonsskular. Hyssingen produksjonsskule i Bergen vart opna i 2015. Til ei kvar tid er det knytt mellom 30 og 40 ungdomar til Hyssingen, og det er kontinuerleg opptak etter kvart som det vert ledige plassar. Hausten 2018 opna Hardanger produksjonsskule i Ulvik opp som ei avdeling under Hyssingen.

Erfaringane med Hyssingen produksjonsskule i Bergen er veldig gode. Av dei ungdomane som har gått på produksjonsskulen er 85 % i framtidsbyggande aktivitet. Dette er særs gode tal og viser kor viktig produksjonsskulane er. Det er viktig at ordninga vert betre kjent slik at fleire elevar får nytte seg av dette tilbodet. Senterpartiet ønskjer å satse meir på og vidareutvikle produksjonsskulane, og jobbe for at sentrale styresmakter aukar satsinga si på produksjonsskular. Ei satsing på produksjonsskular er ei satsing på elevane. Slik byggjer me framtida, og slik byggjer me Vestland fylke.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags