Ikkje stem inn dei som stenger andre ute!

Sandane skule er for liten i høve elevtalet.

Sandane skule er for liten i høve elevtalet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevMange barn med nedsett funksjonsevne får ikkje gå på nærskulen, og blir stengd ute frå den utdanninga dei burde få. Ein kvardag der ein person kan leve eit fritt og sjølvstendig liv, avheng for mange av kva kommune dei bur i. Dette kan du gjere noko med – ikkje stem inn dei som stenger andre ute!

80 prosent av norske skular er ikkje universelt utforma. Det betyr at barn med nedsett funksjonsevne ikkje får gå på nærskulen sin. Det stenger dei ute frå ein av dei viktigaste arenaene i nærmiljøet, og det i ein alder der dei burde få oppleve samhald, læring og høve til å delta. Mange politikarar lover at dei skal gjere noko med problemet, men når det kjem til stykket, er dei ikkje villige til å sette av dei nødvendige midlane. «Det er dyrt med spesialløysingar», er noko vi ofte høyrer.

Per Einar Honstad, Regionleder NHF Nord Vest

Per Einar Honstad, Regionleder NHF Nord Vest Foto:

Men universell utforming er ikkje spesialløysingar for spesielle menneske. Ein universelt utforma skule er utan fysiske hindringar, er lett å finne fram og orientere seg i, har god akustikk og godt inneklima. Det kjem alle til gode, enten det er elevar, lærarar eller andre som bruker skulen.
Ein rapport frå Oslo Economics slår til og med fast at det vil vere svært samfunnsøkonomisk lønnsamt å gjere alle skular i Noreg universelt utforma. Universell utforming er ei investering som gir god avkastning i form av betre lærings- og arbeidsmiljø – og det for alle.

Ein annan viktig føresetnad for å leve fritt og sjølvstendig er brukarstyrt personleg assistent (BPA).
Det gjer det mogleg å gå på butikken, delta i frivillig arbeid, arbeidslivet og alt du elles kan fylle livet ditt med. Det er ein lovfesta rett for å sikre at du kan gjere det andre tar for gitt. Dessverre er det nettopp det mange politikarar alt for ofte gjer.

Vår medlemsundersøking om BPA frå 2017, «Likestilling i revers?» er urovekkande lesing. 36 % av dei spurte får ikkje tilstrekkeleg assistansetimar til å dekke sitt behov. 30 % må nedprioritere grunnleggande behov som tannpuss og dusjing. Heile 70 % må nedprioritere sosialt liv og fritid. Det mest urovekkande er at dette gjeld for 100 % av dei under 18 år. Våre ungdommar blir forvist til eit liv i isolasjon og utestenging. Det er uakseptabelt og kan ikkje tolererast – og det er kommunepolitikarane som gjer dette mogleg.

Enkelte stadar er det så ille at menneske med nedsett funksjonsevne må flytte til ein annan kommune, for å kunne få nok timar til å dekke behovet av ein tannpuss. Mange kommunar praktiserer kommunearrest, der du ikkje får forlate kommunen med assistent.

Tenk deg å leve i ein verkelegheit der du som barn må dra på ein skule langt unna, fordi politikarane tykkjer det er enklare å sende deg bort enn å fikse eit enkelt problem. Sjå for deg at du seinare i livet, etter den barndommen, må flytte til ein ny kommune fordi der du bur ikkje gir deg dine lovfesta rettar. Du er fanga – ikkje av ein nedsett funksjonsevne, men av kommunen sine barrierar og diskriminering. Hadde du akseptert at kommunen hadde teke frå deg stemmeretten din fordi det vart for dyrt? For det er så fundamentale rettar som vert nekta mange menneske i dag.

Alt dette kan du gjere noko med. Det krev ingenting anna enn at du ikkje gir dei som vil stenge andre ute ei stemme. Du har makta no. Du kan bidra til at politikarane som ikkje er villige til å bryte ned barrierane må finne seg noko anna å gjere etter valet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags