Ein skule der alle elevar lykkast

Sandra Edith Tenud

Sandra Edith Tenud Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Fyrste skuledag for mange spente førsteklassingar er ferdig. Nye skulesekker er innkjøpt, pennalhusa er fylt med blyant. Foreldre står igjen på utsida av skuleporten med forventningar om alle moglegheiter barnet dykkar skal få.

Dessverre vil kvar fjerde elev som gjekk inn porten fyrste skuledag statistisk sett droppe ut av skulen før dei er ferdig. Kvart år er det femten tusen menneske som ikkje blir ferdige med utdanninga si, som ikkje har noko å falle tilbake på.

Eg stiller til val for Arbeidarpartiet fordi eg har store ambisjonar på vegner av alle elevane våre. Kvar enkelt elev skal bli sett, få moglegheiter, nå dei måla dei sjølv ønskjer. Men for å få til dette må vi leggje til rette for det, og i dag gjer vi ikkje det i stor nok grad.

Vi treng ein skule som ser heile eleven. Det er jo openbert at om ein kvar dag møter opp på skulen utan matpakke, so går det utover læringa og trivselen. 50 000 elevar møter opp kvar dag utan å ha med skulemat. Det er ikkje godt nok i verdas rikaste land. Derfor går vi i Arbeidarpartiet til val på at alle elevar skal få eit gratis skulemåltid på skulen.

I Sogn og Fjordane foreslo Arbeidarpartiet å innføre gratis skulefrukost for alle elevar i den vidaregåande skulen, men vart nedstemt av høgresida saman med Senterpartiet. I Hordaland har gratis skulefrukost bidratt til at elevar har fått ein god, sunn og betre start på dagen der fleire har fullført vidaregåande. Mette elevar lærer best.

Vi veit også at trygge elevar lærer best. For mange elevar går i dag på skulen med ein klump i magen, på skulen blir dei møtt av mobbarane som øydelegg dagen og potensielt framtida dykkar. Mobbing er eit samfunnsproblem og barn som blir mobba lærar mindre og er meir utsett for sjukdom og problem seinare i livet.

Vi må få slutt på mobbinga for at alle elevar skal med. Derfor vil Arbeidarpartiet betre skulehelsetenesta som er ein trygg stad for mobbeofra å gå til med sine problem. Vi vil gje skulehelsetenesta midla dei treng for å følge opp og hjelpe dei som er utsett for mobbing. Vi skal etablere beredskapsteam mot mobbing i alle kommunar og sikre at alle kommunar kan nok om mobbing sånn at dei kan få stoppa mobbinga på skulane.
Vi i Arbeidarpartiet skal skape verdas beste skule, for stor og for liten. Dette valet handlar om noko so viktig som vår felles framtid.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags