Næringsliv og folk må få fly medan vi ventar på el-flya

FLYTILBOD: Venstrepoltikarane Atle Hamar og Gunnhild Berge Stang kjempar for eit godt flytilbod ved  Førde Lufthamn.

FLYTILBOD: Venstrepoltikarane Atle Hamar og Gunnhild Berge Stang kjempar for eit godt flytilbod ved Førde Lufthamn. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEr det å kjempe for eit godt flytilbod frå Førde lufthamn i strid med å kjempe for å redusere klimagassutsleppa?

Mark Taylor, andrekandidat for Vestland MDG og førstekandidat i Fjaler MDG, tek til orde for at næringslivet vårt må akseptere færre og dyrare avgangar. Han meiner ordførar i Fjaler i staden for å jobbe for å sikre flyplassen på Bringeland burde brukt tida på å løyse klimakrisa.

Venstre sin veg er å sjå det store bildet. Ja, klimakampen handlar om å legge til rette for klimavenlege val på individnivå, men om vi gløymer det store bildet og ser på individa isolert, gjer vi klimakampen ei bjørneteneste.

For det grøne skiftet og framtidig verdiskaping i landet vårt når oljen tek slutt, treng vi levande distrikt. Vi veit at ein stor del av trafikken frå Førde lufthamn er arbeidsreiser. Næringslivet vårt er avhengig av eit godt flytilbod med levelege prisar, både til flyplassen i Førde og resten av kortbanenettet vårt i distrikta. Det er nettopp dette næringslivet som sit på nøkkelen til det grøne skiftet og som gjer det mogleg å frigjere oss frå fossil energi og økonomi. Bedrifter som Hansen Technologies i Dale og Multi Maritime i Førde er to av mange døme på grøne næringar. Å skape verre rammevilkår for næringslivet i distrikta blir som å kaste barnet ut med badevatnet.

Venstre jobbar for eit godt flytilbod frå kortbanenettet og Førde lufthamn. Samtidig jobbar vi for å ta ned klimagassutsleppa frå flytrafikken på andre måtar. Venstre ønskjer mellom anna å differensiere flyavgiftene slik at det ikkje blir dyrare å fly dei små flya, men heller styre avgiftsauken inn mot større fly som i større grad blir brukt til fritidsreiser. Samstundes stimulerer vi omlegginga til elfly. Både Avinor, Widerøe og andre aktørar i flybransjen er klar til å elektrifisere. Å byggje ned flytilbodet i distrikta i påvente av elektrifisering er likevel ikkje ei løysing. Færre avgangar og dyrare reiser vil for mange bedrifter bety å flytte frå distriktet vårt. Vi kan ikkje be dei komme tilbake når el-flya er på plass. Det er ikkje slik det fungerer.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags