SV vil ha gjennomgang av Førdepakken

Åsmund Berthelsen (SV)

Åsmund Berthelsen (SV) Foto:

Av
DEL

LesarbrevSvar på ope brev til ordførarkandidatane i Sunnfjord kommune om Førdepakken

Til Lidvin Osland, Odd Skrede og Kjartan Myklebust.

Takk for brev om ei svært viktig sak for Sunnfjord kommune. Eg er heilt samd med dykk i at gjeldande sentrumsplan med Førdepakken er lite framtidsretta og legg opp til stor biltrafikk i sentrum.

Det er fleire grunnar til at SV har programfesta at vi vil ha gjennomgang og ei rullering (revisjon) av Førdepakken.
For det første må dei alvorlege rapportane om klimaendringar og kritisk tap av naturmangfald gjere at vi går gjennom og vurderer alle areal- og trafikkplanar. Vi kan heller ikkje i Førde legge opp til auka biltrafikk og auka utslepp, tvert mot det mest alle andre byar gjer.

For det andre går det mot kostnadssprekk for Førdepakken og at alle tiltaka ikkje vil bli gjennomført. Det gjeld særleg tiltak 20, Haldbrendsøyrane – Øyrane med bru over Jølstra. Dette er eit tiltak som kan gje mindre trafikk gjennom sentrum. Det vil korkje vere rett eller lett å utvide Førdepakken, men det er fullt mogleg å omprioritere eller ha nye tiltak innanfor ramma.

På same måten som eg meiner at den nye kommunen skal handsame planen for mineralutvinning i Naustdal, meiner eg at Sunnfjord kommune skal handsame planane for Førde sentrum så snart som mogleg etter valet.

Eg tykkjer skissa de legg fram i Firda er eit godt grunnlag for å revurdere planane. Skissa de legg fram vil gje eit heilt anna sentrum der bilen har ein mindre plass – og der folk og miljø er prioritert. Særleg viktig er det å unngå bilbruer over Løken og Jølstra ved Førdehuset. Ein revidert plan må også svare på dei problemstillingane som idretten har reist om meir plass og sjølvsagt få eit godt fungerande system med gang- og sykkelvegar.

Konkret kan eg seie at SV har programfesta at parkeringsplassar i størst mogleg grad må vere under bakken/i fjell og at dei må ha ladestasjonar. Dette høver godt med den skissa de har presentert.

Vi må også sjå på kollektivtilbodet, ikkje berre for sentrum, men for heile kommunen. SV vil foreslå prøveprosjekt med lågare prisar/gratis for å sjå om det får fleire til å bruke dei kollektive tilboda. Frekvens er også viktig. Der det ikkje er grunnlag for faste ruter må det vere eit system med bestillingstransport. Dette er saker SV også vil følge opp i det nye fylkestinget.

Og så vil eg legge til: Det nye kommunestyret må så snart som mogleg få styrke i arbeidet med å få omlegging av E39 forbi Førde sentrum inn i Nasjonal transportplan (NTP). Det same gjeld å sikre vegen mellom Naustdal og Førde mot ras.
For å få dette til, meiner SV det vil vere avgjerande at planane om ein ferjefri E39 vert skrinlagt. Gode og trygge bruksvegar med gul midtstripe må verte prioriterte framfor gigant – og prestisjeprosjekta for kryssing av fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags