Krev dobling av midlar til rassikring

TOPPAR: Vestlandet toppar rasstatistikke, og Sp Senterpartiet krev minst ei dobling av rassikringsmidlane. Bå bildet Jenny Følling og og partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

TOPPAR: Vestlandet toppar rasstatistikke, og Sp Senterpartiet krev minst ei dobling av rassikringsmidlane. Bå bildet Jenny Følling og og partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSenterpartiet krev minst ei dobling av rassikringsmidlane. Vestland fylke toppar rasstatistikken. Med klimaendringane aukar rasfaren. Senterpartiet krev at løyvingane må auke tilsvarande, og det må skje raskt. Med regjeringa sin løyvingstakt vil det ta 30 år før dei mest rasutsette strekningane er sikra.

I Sunnfjord kan vi med auka løyvingar få sikra den rasfarlege fylkesvegen 609 Hundsåna og riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Også Matbjøra i Viksdalen er svært rasutsett.

Medan nedbøren aukar, rasa blir fleire, og fleire stengde vegar, må folk halde seg heime. Med omsyn til liv og helse blir borna haldne heime frå skule, og foreldra heime frå jobb. Heimesjukepleia kjem ikkje fram, og ein må berre kryssa fingrane for at det ikkje oppstår akutte situasjonar som vil krevja ambulanse frå andre sida av rasstrekninga. For næringslivet utgjer ras og stenge vegar ein stor kostnad. Dette er kvardagen for mange vestlendingar, som har rasutsette strekningar som einaste vegalternativ. Lista er over vegstrekningar som skrik etter rassikring er lang.
Senterpartiet vil ha ein forpliktande rassikringsplan som omfattar alle dei farlegaste raspunkta på fylkes- og riksvegane. Dette må forplikta regjeringa til å løyva naudsynte midlar til prioriterte strekningar. Det trengst minst ei dobling av ramma til rassikring.

Sogn og Fjordane og Hordaland toppar allereie statistikken, og nye Vestland vil bli rasfylke nr. 1. Med klimaendringar og større nedbørsmengder fryktar me ei stigande kurve på ras-statistikken i åra som kjem.

Regjeringa har sett av 24 milliardar kroner til rassikring i Nasjonal Transportplan i heile 12-årsperioden. Heilt konkret betyr dette 1 milliard årleg til riksvegane, og 870 millionar per år til rassikring av fylkesvegar.
Nye utrekningar viser at det totalt er behov for 50 milliardar kroner til å rassikring dei meste rasutsette strekningane. Nye Vestland vil krevja nærare halvparten av desse midlane.

Allereie i dag er det alt for lite pengar til rassikring, og med dagens løyvingstakt vil det ta over 30 år å sikre kjende raspunkt. Når klimaendringane aukar rasfaren vil det vera endå større sprik mellom midlar og behov, og mellom rassikring og rasfare for innbyggjarane. Senterpartiet krev at løyvingane skal aukast kraftig, det krevst minst ei dobling.
Det må vera ein føresetnad at ein skal kunna ferdast på trygge og framkommelege vegar – uavhengig av kor du bur i landet. Det må regjeringa leggja til rette for. Løyvingane til rassikring må aukast – og det hastar.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags