Psykisk helse må prioriterast

Av
DEL

LesarbrevKommunane i Sogn og Fjordane har ansvar for helsehjelp til sine innbyggarar, der psykisk helse må prioriterast.

I dag utgjer psykiske lidingar og ruslidingar den nest største sjukdomsbyrda i Noreg (etter kreft), noko som rammar både den enkelte, pårørande og lokalsamfunnet. Dette bør vere ein vekkar for lokalpolitikarane våre til å ta psykisk helse på alvor.
Førebygging og folkehelsearbeid er avgjerande for å fremje livskvalitet. Eit godt psykisk helsetilbod i kommunen er viktig for at folk skal få den hjelpa dei har behov for, så tidleg som mogleg, der dei bur. Hjelp til å meistre skulen, til å stå i jobben, til å ha det godt med seg sjølv og andre.

Landsdekkande lovkrav om psykolog i kommunehelsetenesta frå 2020 speglar av viktigheita av å sikre tilgjengeleg koordinert kommunalt psykisk helsetilbod. Prioritering av psykisk helse i kommunen vil også dempe presset på ei overbelasta spesialisthelseteneste. Avslag og kø i spesialisthelsetenesta kunne blitt redusert om dei hadde fått den hjelpa dei treng i kommunehelsetenesta.

Norsk psykologforening sitt lokallag i Sogn og Fjordane foreslår følgande tiltak for vårt psykiske helsetilbod:
• At psykisk helsehjelp skal vere tilgjengeleg i ei samorganisert lavterskelteneste, for alle som har behov for det.

• Sikre kvalitetssikra tverrfaglege helsetenester, med god nok bemanning, som samarbeider fleksibelt og heilskapleg for å førebyggje og behandle psykiske utfordringar.

• Prioritere tidleg innsats og lokalt folkehelsearbeid. Gode lokalmiljø vil auke livskvalitet, og hindre at utfordringar utviklar seg til noko meir alvorleg.

• Bidra til at fleire arbeidsplassar i kommunen får auka merksemd om å skape gode psykososiale arbeidsmiljø.

• Ha målretta innsats mot einsemd. Eksempelvis etablere møteplassar for vaksne og gratis fritidsaktivitetar for barn og unge. Tilgjengeleg for alle. Å overvinne sosial ulikskap er viktig for at innbyggarane kjenner på tryggleik, tilhøyrsel og meistring i kommunen dei veks opp i.

Norsk psykologforening sitt lokallag i Sogn og Fjordane håper lokalpolitikerne lyttar til våre forslag og at psykisk helse blir sett på dagsorden i valkampen.

Godt val!



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags