Svar til Johs. B. Thue 

Kai Aage Pedersen, redaktør i Firda .

Kai Aage Pedersen, redaktør i Firda . Foto:

Av
DEL

Meiningar

I eit lesarinnlegg i Firda tysdag 24. september spør Johs. B. Thue om kva for vurderingar redaktøren i Firda gjorde seg då han valde å publisera lesarinnlegg/intervju der dette omgrepet korrupsjon er brukt og personlimt. Saka det gjeld er forhandlingane om ordførar – og varaordførarvervet i Sunnfjord kommune – forhandlingar med Olve Grotle og Jenny Følling i sentrum.

Firda har publisert to lesarinnlegg der ordet korrupsjon har vore brukt. Det eine er publisert i papirutgåva 14. september der Magnar Falkenstein (Raudt) skriv: «Kva kallas slikt: korrupsjon eller «normal» hestehandel? Raudt vil påstå at dette liknar mest på politisk korrupsjon for opne dører, og ikkje minst misbruk av skattepengar til oppkjøp av makt på kostnad av velferda i kommunen..»

I eit lesarinnlegg dagen etter, også det i papirutgåva, skriv tidlegare fylkesrådmann Svein Lundevall: «. Men eg vil påstå at dersom ein ikkje set eit skarpare skilje mellom det å fordele politiske verv og det å fastsetje politikargodtgjersler, kan ein fort kome over i korrupsjonens grenseland og etter kvart endå lenger. Den etiske refleksjon bør aktiverast lenge før ein kjem så langt.»

Mi vurdering er begge desse lesarinnlegga er viktige for å setje lys på og også diskutere det som har skjedd i kjølvatnet av kommunevalet i Sunnfjord. Falkenstein spør kva dette kallast, korrupsjon eller normal hestehandel? før han skriv at dette liknar på korrupsjon for opne dører, og misbruk av skattepengar osb.

Lundevall etterlyser eit skarpare skilje mellom politiske verv og det å fastsetje politikararløner, viss ikkje risikerer ein å komme over i korrupsjonens grenseland og etter kvart endå lenger.

Falkenstein meiner altså at dette liknar på korrupsjon mens Lundevall skriv at ein risikerer å komme over i grenselandet for korrupsjon. Ingen av dei to set fram påstand om at korrupsjon har skjedd. Dei løftar på kvar sin måte åtvarande peikefingrar om ein handlemåte dei meiner ikkje er bra og som etter deira syn kan bere gale av stad.

Både Falkenstein og Lundevall har komme med ytringar som etter mi vurdering skal ha spalteplass i ei lokalavis. Den politiske debatten i Firda skal ha god takhøgd.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags